Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvar Magnar Sviggum

Ingvar Sviggum. Foto: Ford.

Ingvar Sviggum. Foto: Ford.

Ingvar Magnar Sviggum fødd 1945 på Ytre Hafslo, busett i Bonn i Tyskland. Forretningsmann.

Utdanna bedriftsøkonom. Starta karrieren innan bilbransjen ved Ford Motor Norge på Kolbotn, der han avanserte til direktør. Sidan har Sviggum hatt ei rad leiarstillingar innan Ford sin Europa-organisasjon, og er i 2003 visepresident i salsorganisasjonen til Ford Europa. Sviggum har og vore medlem av Statoil-styret.

Utnemnd til Kommandør av Den kongelege norske Fortenesteorden i 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2011