Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Andenæs

Ivar Andenæs fødd 1947 i Stryn. Direktør i Statens Medieforvaltning. Utdanna statsvitar.

Ivar Andenæs fødd 1947 i Stryn. Busett i Gjettum. Direktør i Statens Medieforvaltning. Utdanna statsvitar.

Han har m.a. arbeidd som journalist i Fjordenes Tidende, Aftenposten og Statens Informasjonstjeneste og som redaktør (vikariat) i Fjordingen.

Direktør i Statens Medieforvaltning i Fredrikstad frå starten i 1995 til 2002. Kontoret held til i Fredrikstad og har 15 tilsette. Frå 2002 til han gjekk av med pensjon i 2012 var hanforskar ved Institutt for journalistikk.

I 2012 gav han ut boka "Medier i sjokk og sorg. Pressens møte med terroren 22. juli 2011 (Cappelen Damm). I 2015 gav han ut boka "Godtfolk (rapport frå barndomens fagre Stryn) (Selja Forlag).

Son til Olaf Andenæs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.01.2016