Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Andreasson Rusti

Ivar Andreasson Rusti (1905-1997) frå Sogndal. Forfattar, redaktør, målar og bokbindar. Var redaktør for bladet ”Solsprett” som kom ut i Sogndal frå 1939 til 1949. Ivar Rusti var saman med Per Hilleren (sjå denne) redaktørar for eit blad som heitte ”Sygnabladet” og som vart starta i 1967 som ei ”sogndalsk motvekt” mot det redaktøren i S/SA på den tida, den kontroversielle Hans Arnesen, skreiv i si avis. ”Sygnabladet” kom berre ut eit halvt års tid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.08.2011