Hopp til innhold

Albert Joleik

Albert Sigvard Abrahamson (Andersen) Joleik var bygdesogeforfattar og ein ekte bladfyk – han stod eigenhendig bak dei to målavisene Spegjelen og Fjordaposten. Det var han som først fann på ordet allkunne.

Les meir om Albert Joleik

Christen Jensøn

Christen Jensøn, prest og ordbokforfattar. Han fekk i 1646 trykt og utgitt Den Norske Dictionarium eller Glosebog i København. Dette var den første norske ordboka, og i over hundre år den einaste.

Les meir om Christen Jensøn

Kristofer Janson

Kristofer Janson

Kristofer Nagel Janson (fram til ca. 1867 vart førenamnet helst stava Christopher), norsk teolog, folkehøgskulelærar, diktar og unitarprest. Han var den første landsmålsforfattaren som fekk kunstnarløn av Stortinget, og ein av dei aller første som gav ut religiøs litteratur på nynorsk.

Les meir om Kristofer Janson

Kurt Johannessen

Kurt Johannessen

Kurt Johannessen, framføringskunstnar, skulptør og bok- og biletkunstnar som uttrykkjer seg leikande og performativt på tvers av ulike kunstformer. Under opninga av dei 49. Festspela i Bergen i 2001 dryssa han Lyrisk regn over publikum i form av 460 000 papirlappar med poetiske tekstar.

Les meir om Kurt Johannessen

Niels Juel

Niels Juel, gardbrukar, folkehøgskulemann og stortingsrepresentant frå Halsnøy. Han skreiv det eldste kjende privatbrevet på landsmål.

Les meir om Niels Juel

Rolf Jacobsen

Rolf Jacobsen

Rolf Jacobsen, poet og avisredaktør, var ein av dei første modernistane i norsk lyrikk. I diktinga skildrar han tilhøvet mellom natur og teknologi, og han balanserer fint mellom fascinasjon og kritisk refleksjon.

Les meir om Rolf Jacobsen

Sigbjørn Johnsen

Sigbjørn Johnsen

Sigbjørn Johnsen, tidlegare finansminister i Brundtland-regjeringa frå 1990 til 1996 og i Stoltenberg-regjeringa frå 2009 til 2013. Ingen har vore finansminister her i landet så lenge som Johnsen. Johnsen er fylkesmann i Hedmark.

Les meir om Sigbjørn Johnsen

Tor Jonsson

Tor Jonsson

Tor Jonsson, forfattar og journalist, skreiv både prosa og lyrikk. Lyrikken hans er eit møte mellom tradisjon og modernitet, der kontrastfylte kjensler og mørke innsikter er formidla i eit klart formspråk.

Les meir om Tor Jonsson

Tove Jansson

Tove Jansson

Tove Marika Jansson, finlandssvensk forfattar, kunstnar, illustratør og teikneserieskapar. Ho er mest kjend for bøkene om Mummitrollet og var ein av dei største svenskspråklege barnebokforfattarane på 1900-talet.

Les meir om Tove Jansson

William James

William James, 1842–1910, amerikansk psykolog og filosof. Han grunnla det første psykiatriske laboratoriet i USA (1875). Han var bror av forfattaren Henry James.
Les meir om William James