Hopp til innhold

Birger Jåstad

Birger Jåstad, lærar og forfattar frå Leirfjord i Nordland. Jåstads litterære debut var sogespelet Viking Fredlaus (1941). Han er mest kjend for barnebøkene han skreiv i 1970- og 80-åra.

Birger Jåstad var fødd 7. oktober 1904 i Leirfjord i Nordland og døydde 8. desember 1984. Han voks opp på Valberg på Kviting i Leirfjord og var størsteparten av sitt vaksne liv busett i Vasslia i Leirfjord. Etter folkeskulen gjekk Jåstad på folkehøgskulen i Vefsn. I 1928 fullførte han lærarutdanninga ved Nesna lærerskole. Han vidareutdanna seg ved Norsk Lærerhøgskole i Trondheim og tok eksamen der i 1932. Faren var forfattaren Lars Jaastad.

Jåstad starta lærarkarrieren i Troms, men frå 1935 og fram til han gjekk av med pensjon i 1972, arbeidde han som lærar ved Leira skole i Leirfjord. I 1957–58 underviste han i Mo i Rana.

Jåstad hadde fleire tillitsverv lokalt og sat i kommunestyret for Venstre. Han var ordførar i Leirfjord i 1956–57. Han var aktiv i ungdomslagsarbeid og var formann i Hålogaland ungdomslag.

For Viking Fredlaus (1941) fekk han førsteprisen i Noregs ungdomslags skodespelkonkurranse i 1940. Jåstad skreiv i fleire sjangrar, men er mest kjend for barnebøkene som kom ut i 1970- og 80-åra, til dømes Stabburs-ungane (1974), Moselandet (1976) og Kongeørn-ungen (1978). Her møter vi barn som i samspel med foreldre og besteforeldre oppdagar og lærer å setje pris på natur- og kulturarven i lokalsamfunnet. Diktsamlinga Rimfrostrit (1976) har motiv frå nordnorsk kultur og natur og kan stå som døme på «nordkalottromantikken» i 1970-åra. Jåstad var mykje nytta som kåsør og talar, og han skreiv og las fleire kåseri for NRK.

Jåstad fekk tildelt Blix-prisen i 1977 og fekk Kongens fortenestemedalje i sølv i 1975.

Kjelder

Johs A. Dale: Frå «Ervingen» til «Anne Gonge». Nynorske skodespel for amatørar. Oslo 1959

Øyvind Jenssen: «Forfatteren, læreren og helgelendingen Birger Jåstad», Årbok for Helgeland 2005. Mosjøen 2005

Ellisiv Steen: Det norske nasjonalhistoriske drama 1756–1974. Oslo 1976

Usignert: «Birger Jåstad har fått kongens sølv», Nordlands avis 8.7.1975

Peikarar

Birger Jåstad: Viking Fredlaus. Oslo 1941. Digital versjon tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no 

Birger Jåstad: Stabburs-ungane. Oslo 1974. Digital versjon tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no 

Birger Jåstad: Rimfrostrit. Bodø 1976. Digital versjon tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no 

Først publisert: 11.05.2018
Sist oppdatert: 11.05.2018