Hopp til innhold
X
Innhald

Boris Johnson

Alexander Boris de Pfeffel Johnson er ein konservativ britisk politikar, journalist og forfattar. Han er tidlegare London-ordførar og utanriksminister, og sidan 2019 statsminister med oppdrag om å føre Storbritannia ut av EU.

Boris Johnson er fødd 19. juni 1964 i New York, der faren studerte, og vaks sidan opp på ulike stader i Sør-England og i Brussel. Også far Stanley og veslebror Jo Johnson har vore politikarar for Det konservative partiet.

Johnson vart vald som partileiar og statsminister i juni 2019, etter Theresa May. Han var utanriksminister under May fram til 2018, men gjekk av fordi han var kritisk til «skilsmisseavtalen» som May forhandla fram med EU som følgje av folkerøystinga om medlemskapen i 2016. Før folkerøystinga var Johnson ein av dei fremste talspersonane for «brexit». Han hadde då slått seg opp som politikar etter to periodar som populær «blå» ordførar i tradisjonelt «raude» London i 2008–16.

Som statsminister greidde Johnson på kort tid å forhandle fram ein ny brexit-avtale og samle fløyene i eige parti, mot alle odds. Samstundes vart han pressa av parlamentet til å utsetje utmeldinga frå EU. Johnson gjekk då inn for nyval i desember 2019, der den konservative mindretalsregjeringa fekk stort fleirtal med lovnaden om å «få brexit unnagjort». 31. januar 2020 gjekk Storbritannia ut av EU etter 47 år som medlemsland.

I innanrikspolitikken har Johnson-regjeringa gått inn for auke i offentlege løyvingar til mellom anna sjukehus og skular, i kontrast til kuttpolitikken under tidlegare konservative regjeringar. Han har òg lova å prioritere investeringar i områda utanfor London.

Før han vart politikar, arbeidde Johnson i mange år i pressa, mellom anna som Brussel-korrespondent for The Daily Telegraph. Han er utdanna ved Eton College og Oxford University, der han studerte klassiske fag og var formann i studentsamfunnet. Johnson har òg skrive fleire bøker, mellom anna ein biografi om idolet sitt, Winston Churchill.

Både som journalist og som politikar har Johnson hatt ein hang til kontroversielle utspel og utsegner på kanten av det sanne og akseptable. Slik har han vorte ein omstridd figur som mange har ei sterk meining om, men han har vore vond å setje i bås. Med sin uvørdne stil har han stått fram som både folkeleg og aristokratisk, populist og elitist, strateg og rabulist.

 

Kjelder

BBC: «Boris Johnson: The Irresistible Rise», dokumentar, bbc.co.uk, publisert mars 2013: https://www.bbc.co.uk/programmes/b01rlx9l [sjåardato 10.11.2019]

Andrew Marr: «The New Right Revolution», newstatesman.com, publisert 18.12.2019: https://www.newstatesman.com/politics/uk/2019/12/new-right-revolution [lesedato 19.12.2019]

Luke McGee: «He once wanted to be king of the world. Now Boris Johnson has his crown», cnn.com, publisert 23.6.2019: https://edition.cnn.com/2019/07/13/uk/boris-johnson-profile-world-king-intl-gbr/index.html [lesedato 10.11.2019]

 

Peikarar

Den britiske regjeringa si nettside om Boris Johnson, gov.uk

Boris Johnson på Twitter, twitter.com

Nyhende om brexit frå NRK, nrk.no

Øyvind Nyborg: «Farvel, EU!», nrk.no, publisert 31.1.2020

Først publisert: 12.02.2020
Sist oppdatert: 17.02.2020