Hopp til innhold
Foto: brittsynnove.no
Foto: brittsynnove.no
X
Innhald

Britt-Synnøve Johansen

Britt-Synnøve Johansen, songar, musikal- og kabaretartist som syng på karmøydialekt med karakteristisk skarre‑r. I 1989 vann no den norske finalen i Melodi Grand Prix med songen «Venners nærhet».

Britt-Synnøve Johansen er fødd 23. juni 1970 i Haugesund, er oppvaksen på Karmøy og er no busett i Stavanger. Ho gjekk på Skeisvang videregående skole i Haugesund (1986–89) og Toneheim folkehøgskole (1989–90). Sidan 1989 har ho vore utøvande artist og har arbeidd med ulike musikksjangrar, mellom anna jazz, musikal, vise og tango.
Debutplata var Mot himmelen i Paris – Piaf på norsk (2002). Johansen hadde sett om tekstane til karmøydialekt og turnerte med ein Piaf-kabaret (2001–04). I 2010 gav ho ut Skyt meg med tre roser. Tango på norsk. Ho har vore vokalist på plater av Vamp og Ole Paus.
Johansen har hatt viktige roller i mange oppsetningar, mellom anna i Vreeswijk-oppsetjinga Ballader och Grimascher i Bergen (2003), Les Miserables i Moster Amfi (2003–04), West Side Story og Carmen ved Rogaland teater (2005), Vampoppsetjinga Hallo – Adjø (2007) ved Haugesund teater og Oliver på Sandnes kulturhus (2009). Johansen var med i humorkabaretane Plask (2005) og Bris (2006) saman med Espen Hana, hadde hovudrolla i den fjernsynssende oppsetjinga Byterminalen (2008) i programmet We'll meet again. I 2013 hadde hadde Johansen rolla som Grace Farrell i musikalane Annie og som Fantine i Les Miserables (2014) på Sandnes Kulturhus.
I 2007 kåra lyttarane i NRK Rogaland røysta hennar til den vakraste i fylket.
Kjelder
Britt-Synnøve Johansen, eigen nettstad, http://www.brittsynnove.no/index.html [lesedato 14.9.2011]
Per Langlo: «Britt-Synnøve Johansen», snl.no, sist oppdatert 24.3.2009, http://www.snl.no/Britt-Synn%C3%B8ve_Johansen [lesedato 14.9.2011]  
Peikarar

Først publisert: 14.09.2011
Sist oppdatert: 06.08.2015