Hopp til innhold
X
Innhald

Carl Gustav Jakob Jacobi

Carl Gustav Jakob Jacobi, 1804–51, tysk matematikar. Han har gitt ei rekkje verdfulle bidrag til utviklinga av den matematiske analysen. Spesielt bør ein nemne den vitskaplege kappestriden med Niels Henrik Abel om utviklinga av teorien for dei elliptiske funksjonane. Det var på dette området Jacobi gjorde den første viktige innsatsen. Han har òg hatt sterk påverknad på utviklinga av den matematiske fysikken.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012