Hopp til innhold
X
Innhald

Cornelius Jakhelln

Cornelius Jakhelln er forfattar, poet, musikar, omsetjar og journalist. Fantasirikdom og mangfald kjenneteiknar både stil, språk og sjangerval i forfattarskapen.

Cornelius Jakhelln er fødd 31. august 1977 i Kristiansand og er busett i Berlin. Han har cand.mag.-grad i fransk og filosofi frå Universitetet i Oslo i 2001 og mastergrad i filosofi frå Université de Paris i 2004. Forfattaren har publisert tekstar i mellom anna Dagbladet, vore reporter for Morgenbladet i 1999–2001 og Dagsavisen i 2004–05, og spaltist for Klassekampen i 2010–13. Jakhelln er òg musikar og tekstforfattar og har gitt ut ei rekkje album med svartmetallbanda Solefald, Sturmgeist og G.U.T.

Forfattaren nyttar både nynorsk, bokmål og dialekt i tekstane sine. Han leikar med sjangrar og med språket, som er rikt på bilete, direkte og treffsikkert. Frisk humor, viltre innfall og raske vekslingar kjenneteiknar stilen. Med fantasi og kunnskap finn Jakhelln temaa sine i norrøn mytologi og eiga samtid.

Jakhelln debuterte som lyrikar med Gebura Muse (2001), den første diktsamlinga i eit firebandsverk. Dikta krinsar rundt den norrøne mytologien, er mangfaldige og sterkt skiftande i stil og perspektiv. Trisyn (2010) er den første samlinga i ein dikttriologi skriven på konservativt nynorsk, noko som skaper eit eige samspel mellom språk og innhald.

Sagaromanen Gudenes fall (2007) er både underhaldande, filosofisk og samfunnskritisk. Dei norrøne gudane mislikar kristninga av Noreg og ønskjer seg makt over menneska igjen. I den sjølvbiografiske boka Raseri. En hvitings forsøk på en selvbiosofi (2011) diskuterer forfattaren eigen radikaliseringsprosess i studenttida. Jakhelln har omsett fleire biletbøker av Stephanie Blake og har sjølv gitt ut barneboka Rikke gidder ikke! (2008). Nazi Jihad (2017) er forfattaren si første ungdomsbok og handlar om nynazisme og islamisme, og om korleis normal ungdom vert radikalisert.

Jakhelln har fått ei rekkje stipend frå Tekstforfatterfondet i perioden 1998–2015, Den Norske forfatterforening i 2002–11 og Norsk Kulturråd i 2009–16. Han fekk førsteprisen i Bonnier-Cappelen sin nordiske romankonkurranse for Gudenes fall i 2007 og Fabelprisen for den same boka i 2008. Solefald sitt album Red for Fire vart nominert til Alarmprisen i 2006, medan Norrøn livskunst vart nominert til Spellemannprisen i 2011.

Kjelder

Nettsamtale med Cornelius Jakhelln 22.11.2017

Forfatterkatalogen: «Cornelius Jakhelln, bibliografi, forfatterkatalogen.no: http://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/cornelius-jakhelln/ [lesedato 24.11.2017]

Klassekampen: «Dr. Jakhelln og Mr. Hyde», intervju med forfattaren, klassekampen.no: http://www.klassekampen.no/59613/article/item/null/dr-jakhelln-og-mr-hyde [lesedato 24.11.2017]

Peikarar

Cappelen Damm: «Cornelius Jakhelln», omtale, meldingar og bibliografi, cappelendamm.no 

Bernt Erik Pedersen: «En sint hvit mann krysser sine ord», intervju med forfattaren, dagsavisen.no 

Merete Skogrand: «– Følte meg truet som hvit mann», intervju med forfattaren, dagbladet.no 

Først publisert: 06.03.2018
Sist oppdatert: 06.03.2018