Hopp til innhold

Edvard Germanus Johannessen

Edvard Germanus Johannessen, vestmann, forretningsmann, bokmann og omsetjar. Nokre av omsetjingane hans av Shakespeare-sonettar har vore rekna mellom dei beste i Norden.

Johannessen var fødd i Bergen 28. mai 1848 og døydde 17. juni 1922. Slekta var frå Hafslo i Sogn. Han kom tidleg inn i Sundts manufakturforretning i Bergen og var der all sin arbeidsdag, det meste av tida som kontorsjef. Då han slutta i 1916, vart han heidra med riddarkrossen av St. Olavs Orden for allmennyttig verksemd og for innsatsen i firmaet.
Under psevdonymet Edvard Alme gav han ut fleire omsetjingar: Goethes Hermann og Dorothea (1903), Fyrste Akten or Kaupmannen i Venezia (1905), Ein Flokk Shakespeare-Sonnettor (1918), Byron Kvæde (1920) og «Helsing til ein Diktar-bror» av Robert Burns (1921). Han førebudde utgivinga av Henrik Krohns Skrifter (1909). Tre av sonetteomsetjingane vart prenta på nytt i eit nordisk utval redigert av Kristian Smidt og gitt ut av Den Norske Bokklubben i 1964. Utvalet skulle omfatte dei Shakespeare-sonettane som var mellom dei beste og mest interessante på originalspråket, og som samtidig var mellom dei beste omsetjingane på nordiske språk.
Johannessen var med i Vestmannalaget frå det vart skipa i 1868, var formann 1879–1908 og redigerte Fraa By og Bygd i 1879, den siste årgangen. I eit minneord hevdar Johannes Lavik at dei av vestmennene som nådde djupast målkunne, var Georg Grieg og Edvard G. Johannessen.
Johannessen tok initiativ til opparbeidinga av Nordnesparken i Bergen i 1888–98. I 1918 vart han heidra med ei bronsebyste i parken, utført av Ambrosia Tønnesen. Han var oppteken av å dyrke jorda og fekk skipa Bergens Myrdyrkingsforening i 1896. Foreininga, som han sjølv stod i brodden for, medverka til oppdyrking av mange myrar i Hordaland.
Kjelder
Johannes Lavik: «Edv. G. Johannessen», Norsk Aarbok. 1922
Torleiv Hannaas: «Edv. G. Johannessen», Gula Tidend 15.06.1922
«Edv. G. Johannessen», Gula Tidend, 28.05.1918
Olav Vevle: «Menneske eg minnest. Edv. G. Johannessen», Norsk Tidend 24.06.1948
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen 2002
Kristian Smidt (red.): Sonetter av William Shakespeare. Oslo 1964
Peikarar
Edvard Johannessen i Nettbiblioteket til Ivar Aasen-tunet

Først publisert: 15.10.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013