Hopp til innhold
X
Innhald

Egil «Bop» Johansen

Egil «Bop» Johansen, 1934–98, var jazzmusikar og trommeslagar av internasjonal klasse. Frå 1954 heldt han til i Sverige og samarbeidde med leiande svenske musikarar (Arne Domnérus, Harry Arnolds radiostorband, Radiojazzgruppen) og eit utal amerikanske gjestesolistar. Johansen var også ofte brukt i Noreg (Brazz Bros). I 1993 fekk han Buddy-statuetten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2013
Sist oppdatert: 13.11.2013