Hopp til innhold
X
Innhald

Endre Jerpstad

Endre Jerpstad, forfattar og kunstnar frå Meldal som på slutten av 1800-talet kritiserte korleis samfunnet tok seg av dei som fall utanfor fellesskapen.

Endre Jerpstad var fødd 17. februar 1857 i Meldal i Trøndelag. Han døydde 21. januar 1932 same staden. Jerpstad var fødd med sterkt deformerte armar og føter, og han kunne ikkje gå, men likevel vart måling og teikning ein viktig del av livet hans.

Jerpstad gav ut tre bøker. Både Med egne illustrasjoner. Mit Liv og smaa Pannefrugter (1888), Aparte Folk (1894) og Mennesker, skisser (1912) er kvardagsskildringar av menneske som Jerpstad møtte. I Mennesker, skisser skriv Jerpstad humoristisk om folk frå heimbygda som var originale på ein eller annan måte. Bak dei humoristiske skildringane har han ein alvorleg bodskap om at samfunnet ikkje tek godt nok vare på dei som fell utanfor fellesskapen.

I tillegg til skrivinga brukte Jerpstad måling og teikning for å skildre miljøet i heimbygda si. Han teikna og måla ei rekkje realistiske portrett av bygdefolket, etter fotografi.

Frå slutten av 1920-åra fekk Jerpstad halv kunstnarløn frå staten for innsatsen han la ned som folkeopplysar.

Kjelder

O. Havdal (red.): Meldal Bygdebok, bd. 1: Bygdesoga til ikring 1700. Orkanger 1968

Ola Grefstad og Glenny Alfsen: «Endre Jerpstad», biografi, snl.no: https://nkl.snl.no/Endre_Jerpstad [lesedato 20.1.2018]

Peikarar

Digitaliserte bøker av Endre Jerpstad på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 11.06.2018
Sist oppdatert: 11.06.2018