Hopp til innhold
Ernst Håkon Jahr
Ernst Håkon Jahr
Foto: Helge E. Ødegård, Det Kongelige Norske Vitenskapsakademi
X
Innhald

Ernst Håkon Jahr

Ernst Håkon Jahr, språkforskar, tidlegare rektor og no professor emeritus i språkvitskap ved Universitetet i Agder. Han var ein av dei mest profilerte språkforskarane i Noreg i 1970- og 80-åra.

Ernst Håkon Jahr er fødd 4. mars 1948 i Oslo og er busett i Kristiansand. Han tok hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo (1976) og doktorgrad i språkvitskap med avhandlinga Talemålet i skolen (1984). Jahr underviste (1976–99) som amanuensis, førsteamanuensis og professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø, og han var rektor ved Høgskolen i Agder (2000–2007).

Jahr har forska innanfor språkhistorie, språkplanlegging, språkkontakt og sosiolingvistikk og har skrive 40 bøker og gitt ut om lag 200 publikasjonar. Han skreiv Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814 (1989), var redaktør for Den store dialektboka (1990) og gav ut Språkhistorie og språkkontakt (2008). Han grunnla Norsk Lingvistisk Tidsskrift (1983) og International Journal of Applied Linguistics (1991). Han var dommar i NRK-programmet «Har det på tunga» i 1980-åra.

Han har vore medlem av ei rekkje komitear og utval innanfor forsking. Jahr var medlem av Språkrådet (1976–92), og han er medlem av fleire norske og utanlandske akademi: Det Norske Videnskaps-Akademi (frå 1994), Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (frå 1994), Kgl. Gustav Adolfs Akademien i Uppsala (frå 2007), Academia Europaea (frå 2008), Kungl. Vetenskaps- och Vitterhets-Samhället i Göteborg (frå 2010), Kungl. humanistiska vetenskapssamfundet i Lund (frå 2013) og Polish Academy of Sciences (frå 2013), og han er preses i Agder Vitenskapsakademi (frå 2002).

I 1995 blei Jahr utnemnd til æresdoktor ved universitetet i Poznań i Polen og i 2009 til æresdoktor ved Uppsala Universitet i Sverige. I 2008 blei han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 2011 blei han tildelt Svenska Akademiens nordiske pris, i 2012 fekk han Nansen-prisen og i 2016 fekk han Gunnerusmedaljen.

Kjelder

Ernst Håkon Jahr: «Dialekten forteller hvor du er fra, og det er viktig», uia.no, publisert 2009, http://www.uia.no/no/portaler/aktuelt/kronikker_og_artikler/dialekten_forteller_hvor_du_er_fra_og_det_er_viktig [lesedato 1.1.2011]

Ernst Håkon Jahr, publikasjonsliste, uia.nohttp://www.uia.no/en/kk/profile/ernsthj [lesedato 1.1.2011]

«Ernst Håkon Jahr utnevnt til ridder», fylkesmannen i Vest-Agder, fylkesmannen.no, publisert 28.11.2008, http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=327&amid=2381215 [lesedato 1.1.2011]

Tor Martin Lien: «Ny svensk ære til Ernst Håkon Jahr», uia.no, sist oppdatert 8.1.2010, http://www.uia.no/no/portaler/aktuelt/nyhetsarkivet/ny_svensk_aere_til_ernst_haakon_jahr [lesedato 1.1.2011]

Red.: «Ernst Håkon Jahr», snl.nohttp://www.snl.no/Ernst_H%C3%A5kon_Jahr [lesedato 1.1.2011]

Nansen-prisen til Ernst  Håkon Jahr, http://m.fvn.no/kultur/Nansen-pris-til-Ernst-Hakon-Jahr-2206012.html [lesedato 30.3.2012]

Peikarar

Ernst Håkon Jahr, CV på uia.no

«Ernst Håkon Jahr innvalgt i to vitenskapsakademier»

 

Først publisert: 06.04.2011
Sist oppdatert: 02.03.2018