Hopp til innhold
Foto: Studio Snorre
Foto: Studio Snorre
X
Innhald

Eva Jensen

Eva Jensen, forfattar og litteraturformidlar, har skrive modernistiske bøker for barn, vaksne og ungdom i mange sjangrar.

Eva Jensen er fødd 17. august 1955 i Harstad, oppvaksen i Salangen og busett i Tromsø. Ho er utdanna adjunkt med grunnfag i norsk frå Universitetet i Bergen (1976), lærarskulen på Elverum (1977–79) og deleksamen i nordisk hovudfag frå Universitetet i Tromsø (1982). Ho tok forfattarstudiet i Bø (1983), var lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1990-åra, har vore litteraturmeldar i Dag og Tid, forlagskonsulent og litteraturformidlar for barn og unge som gjestelærar og foredragshaldar over heile landet.
Ho debuterte i 1984 med Dikt og tekstar. Seinare har ho skrive innanfor dei fleste sjangrar – romanar, dikt, noveller, essay og artiklar. Jensen var redaktør for antologien Poetisk modernisme (1995) og Forfattere i Nord-Norge (2003) og er omsetjar og gjendiktar. Ho er språkleg medviten, litteraturorienteringa hennar famnar vidt, og språk og forteljarteknikk er like viktig som meiningsinnhaldet. Fleire av bøkene hennar har vore grensesprengjande, og ho var ein av dei første som markerte seg med ein modernistisk skrivemåte innanfor barnelitteraturen i Noreg.
Jensen har hatt verv i Norsk Forfattersentrum og Forfatterforeningens litterære råd i fleire år, har vore med i poesiredaksjonen i Kritikkjournalen og har vore redaktør for Skarven. Jensen fekk Kulturdepartementet sin debutantpris i 1986, Blixprisen i 1995 og Samlagsprisen i 2005.
Bøker for barn og ungdom
Barnebøkene hennar kan vere vanskelege å sjangerbestemme. Der er lite ytre spenning i tekstane, som gjerne er korttekstar med mykje innhald. Det lyriske ligg i forgrunnen, og ho eksperimenterer med sjangrane og har ei skarp formuleringsevne. Den første barneboka hennar, Slik er det her (1986), fekk ho Kulturdepartementet sin debutantpris for. Boka er ei samling korttekstar med humor og overskot, og vi ser historia gjennom auga til ei jente i Nord-Noreg i 1960-åra og følgjer henne i utforskinga av identitet.
Lesaren blir med i tankeverda til eit barn i Denne guten har brune kne (1987). Boka er vemodig og handlar om ein gut som står utanfor kameratflokken og strevar på skulen. I 1988 (nyutgåve 2005) kom Eg, Kristin, som liknar tekstar i ei dagbok, ordknappe og episodiske. Interessert, eg (1991) skreiv ho saman med Arild Dahl. Boka er ein brevroman, ei brevveksling mellom to ungdomar, og ho er gitt ut på både nynorsk og bokmål.
Saman med illustratørane Gry Moursund og Inger Lise Belsvik har Jensen gitt ut eit biletbokprosjekt som er blitt ein trilogi om bokstavane, tala og fargane. I alfabetdikta Alle i Alta kan (2000) har kvar bokstav eit eige oppslag, dikt og bilete i ulike former, inspirert av Olav H. Hauge sin ABC. Tre høns på plenen og fire egg (2002) er ei teljebok som blei nominert til Kritikarprisen i 2003. Alt kan begynne med kvitt (2004) utforskar form og farge. Bøkene er utgitt i begge målformer. Tekstane i trilogien er leikne, og både barn og vaksne har utbytte av dei. Forteljarhaldninga er modernistisk, bøkene har ikkje byrjing eller slutt, og handlinga er ei samanstilling av ulike bitar.
Ungdomsboka Om drittsekkar på tre måtar (2008) er 16 noveller og korte tekstar om unge jenter som oppdagar at det går an å endre ting kring seg. I den illustrerte Skog, eller noko som har med skog å gjere (2009) er temaet å gå sine eigne vegar same kva andre seier. Jensen dyrkar kortformatet, blandar sjangrar, leikar med ord og vendingar og utfordrar formkonvensjonar. Ungdomsromanen Noen roper navnet mitt blei utgitt i 2012.
Tekstar for vaksne
Jensen har òg gitt ut mange skjønnlitterære bøker for vaksne. Den første var Dikt og tekstar (1984), som er ei samling av lyrikk og korte prosastykke. Punktromanen Teori nok for eit kort liv (1987) er skriven i tradisjonen frå Paal-Helge Haugen. Dette er ein av dei mest spennande utgivingane hennar, med eit metaperspektiv på romansjangeren. Tittelen har to botnar og viser til motsetnadene mellom teori og praksis og illusjon og røyndom.
I diktsamlinga Medan lyser endrar flatene (2008) er språket både presist og kryptisk, og emnet er isolasjon og einsemd. Hovudpersonane i vaksenbøkene hennar er kvinner, tekstane er korte, språkleg gjennomarbeidde og har rytme og klang. Dei språklege bileta er gjenkjennelege og konkrete, og tekstane har humor, ironi og eit presist språk.
Litteraturformidlar og omsetjar
I essaysamlinga Djupt inne i sommaren og andre essay (2005) skriv Jensen om litteraturformidling og forfattarar som Tove Jansson, Olav Duun og Cora Sandel, og ho lyftar fram forfattarar som har fått lite merksemd. Ho har undervist både ved forfattarstudiet i Bø og Skrivekunstakademiet i Hordaland, halde kurs for lærarar, sommarkurs i skriving og diktkurs for barn og unge.
Ho har omsett den svenske bokserien om Moa og Samuel av Gull Åkerblom og Karin Södergren til nynorsk, omsett eit drama for Det Norske Teatret og har vore involvert i gjendiktingsprosjekt i Nederland og Tyskland.

Kjelder

Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 2005
Eva Jensen, forfattarside, Samlaget.no, https://samlaget.no/collections/eva-jensen [lesedato 17.8.2019]
Liv Helene Willumsen: «Oppvekst i litteraturen - Eva Jensen», tromsfylke.no, http://www.tromsfylke.no/LinkClick.aspx?fileticket=-aAMR3EjyjM%3D&tabid=726 [lesedato 25.3.2011]

Først publisert: 20.11.2011
Sist oppdatert: 17.08.2019