Hopp til innhold
X
Innhald

Eva Joly

Eva Joly, norsk-fransk jurist og politikar. I 1990-åra spesialiserte ho seg som etterforskar i store korrupsjonssaker og fekk tilnamnet korrupsjonsjegeren.

Eva Joly (fødd Gro Eva Farseth) er fødd i Oslo 5. desember 1943. Etter vidaregåande skule drog ho til Paris i 1964, der ho tok jusseksamen i 1973. Ho arbeidde først som juridisk rådgivar, til ho byrja som statsadvokat i Orléans i 1981. Frå 1987 arbeidde ho med økonomisk kriminalitet og frå 1993 som forhøyrsdommar ved økokrimavdelinga i byretten i Paris. I perioden 2002–08 var ho rådgivar for den norske regjeringa.

Ifølgje Joly er korrupsjon ein større trussel mot samfunnet enn terrorisme, fordi korrupsjonen rokkar ved folks tillit til lov og rett. Ho meiner at det er særleg viktig å rette søkjelyset oppover i systemet, der dei rike og mektige sit, og den første saka hennar som handla om økonomisk kriminalitet, gjaldt storbanken Crédit Lyonnais. Etterforskinga viste forgreiningar til oljeselskapet Elf Aquitaine og kjende politikarar, og saka enda med at tretti samfunnstoppar vart dømde for korrupsjon i Elf-saka. Under opprullinga kom det trugsmål mot Joly, som i seks år måtte ha livvakt døgnet rundt.

I Noreg fekk Joly i oppdrag å utforme Justisdepartementet sitt regelverk mot kvitvasking og korrupsjon (2002–05), og i Utanriksdepartementet (2005–08) var ho leiar for arbeidet med å finne botemiddel mot korrupsjon i afrikanske samarbeidsland. I 2009 vart ho henta til Island for å granske økonomisk kriminalitet i samband med finanskrisa. Ho slår fast at små, demokratiske land slett ikkje er immune mot korrupsjon.

Frå 2009 til 2019 var ho medlem av Europaparlamentet for det franske partiet Dei Grøne (Europe Écologie Les Verts), og i 2012 var ho presidentkandidat i Frankrike.

 

Kjelder

Erik Aasheim: Eva Joly. Rød klut, grønne drømmer. Oslo 2012

Eva Joly og Vibeke Knoop Rachline: Korrupsjonsjeger. Fra Grünerløkka til Palais de Justice. Oslo 2001

 

Justis- og beredskapsdepartementet: «Årsrapport 2005. Antikorrupsjons- og hvitvaskingsprosjektet», regjeringen.no, publisert 29.8.2005: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/arsrapport-2005/id106404/

 

Peikarar

Bjørn Grov: «Korrupsjonsjegeren er klar for 'Verda og vi'», firdatidend.no, publisert 26.3.2019

Eva Joly: «Julian Assange dør i Belmarsh-fengselet. Og vår ære dør med ham», aftenposten.no, publisert 19.1.2020

NRK Skole: «Kort om: Korrupsjon», nrk.no, publisert 1.9.2015

Først publisert: 29.09.2020
Sist oppdatert: 05.10.2020