Hopp til innhold
X
Innhald

Frédéric Joliot

Frédéric Joliot , 1900–58, var fransk fysikar. Han var gift med Irène Joliot-Curie, 1897–1956, dotter av Pierre og Marie Curie.
 
Joliot førte vidare Marie Curie sine studium av radioaktivitet. Saman med kona fekk han nobelprisen i kjemi i 1935 for oppdaginga av kunstig radioaktivitet. Joliot var frå 1946–50 sjef for fransk kjernefysisk forsking. Han motsette seg alle planar om å byggje atombomber og blei avsett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011