Hopp til innhold
Georg Johannesen. Foto: © Cappelen Damm AS (brukt med løyve).
Georg Johannesen. Foto: © Cappelen Damm AS (brukt med løyve).
X
Innhald

Georg Johannesen

Georg Johannesen, forfattar, retorikar og litteraturforskar som skreiv språkkritisk og politisk litteratur. Han er ein av dei store essayistane og essayteoretikarane i norsk litteraturhistorie.

Georg Johannesen var fødd 22. februar 1931 i Bergen og døydde 24. desember 2005 i Egypt. Han tok examen artium ved Bergen katedralskole i 1949. Seinare studerte han nordisk, engelsk og historie ved Universitetet i Oslo, og i 1960 tok han magistergraden i litteraturhistorie same staden, med avhandlinga «Vårmotivet hos Olaf Bull».

Frå 1949 til 1950 arbeidde Johannesen eit halvt år som lærar i Modalen. Han var høgskulelektor i Oslo mellom 1960 og 1963, og frå 1964 var han forfattar og frilansskribent på heiltid, før han byrja som hjelpelærar ved Universitetet i Bergen i 1969. Han blei verande lenge ved Universitetet i Bergen, som universitetslektor frå 1977 og som førsteamanuensis i retorikk frå 1981. I 1985 blei han statsstipendiat, men heldt framleis ein fot innanfor universitetsdørene, frå 1988 som formann i Retorisk Forum og frå 1996 som professor II i retorikk.

Romanen Høst i mars, frå 1957, er debutboka til Johannesen. Han gav i alt ut fem romanar. Først og fremst er Johannesen kjend for særmerkt poesi og sylskarp essayistikk. Dei fire diktsamlingane Dikt 1959 (1959), Ars moriendi eller de syv dødsmåter (1965), Nye dikt (1966) og Ars vivendi eller de syv levemåter (1999) er alle meisterlege, og i essayistikken er samlingane Om den norske tenkemåten (1975) og Om den norske skrivemåten (1981) høgdepunkt. Rhetorica Norvegica (1987) og Litteraturens norske nullpunkt (2000) er òg viktige sakprosabøker. I tillegg gjendikta Johannesen Bertolt Brecht og den kinesiske poeten Tu Fu.

Johannesen var medredaktør i tidsskrifta Fossegrimen (1962–64) og Basar (1975–81), og dessutan fleire lyrikk- og sakprosaantologiar. Vidare hadde han fleire verv ved Universitetet i Bergen, var politisk aktiv og sat i bystyret i Oslo for Sosialistisk Folkeparti mellom 1967 og 1971. Johannesen var òg biletkunstnar, og han stilte ut bilete på Haustutstillinga i 1978.

Han fekk Dagbladets lyrikkpris i 1960, Diktartavla i 1997, Halldis Moren Vesaas’ lyrikkpris og Cappelens litteraturpris i 1999 og Det norske akademi for sprog og litteraturs pris i 2000. Det er skrive fleire bøker om Johannesen og forfattarskapen hans, og i 2006 samla Øyvind Rimbereid og Arnfinn Åslund kjende Johannesen-sitat i boka Sitater fra 50 års muntlig praksis. I 2008 kåra Dagbladet Om den norske tenkemåten til den viktigaste sakprosaboka etter andre verdskrigen.

Dikting som ikkje snakkar samfunnet etter munnen

I debutboka til Johannesen, romanen Høst i mars, blir kjærastane Liv og Johan skilde frå kvarandre av familiane sine, som kjem frå ulike samfunnsklasser. Dei to reagerer ulikt på den ufrivillige separasjonen – Liv glid inn i galskapen, medan Johan fortaper seg i ekstremisme og tek del i ein terroraksjon. Framstillinga av den tragiske forteljinga – og dei politiske temaa – er både slagkraftig og poetisk formidla. I både form og tema er det mykje som peikar framover i forfattarskapen til Johannesen.

Først meir enn tjue år seinare kom dei tre bøkene som er kalla «kongebøkene», Tredje kongebok, Johannes’ bok (begge 1978) og Simons bok (1980), og i 1989 gav han ut Romanen om Mongstad, under pseudonymet Guri Johns. I mellomtida hadde Johannesen skrive Kassandra – eit moderne, komisk songspel inspirert av Aristofanes og Bertolt Brecht – som blei sett opp på Det Norske Teatret i 1967. Johannesen blei meld for blasfemi etter denne oppsetjinga, men saka blei raskt lagd bort.

I åra etter debutromanen gav Johannesen ut fleire diktsamlingar, og i den skjønnlitterære forfattarskapen hans er desse samlingane sentrale. Dikt 1959 (1959), Ars Moriendi (1965) og Nye dikt (1966) er saman med Ars Vivendi (1999) alle sterke diktsamlingar. Poesi var ei form for erkjenning for Johannesen. Han vekslar mellom klare og gåtefulle bilete og formuleringar, og dikta hans hentar språkkritisk så vel som politisk kraft frå samanstillinga av det konkrete og det meir kryptiske. Litteraturforskaren Hadle Oftedal Andersen har skildra Johannesens’ dikt som «dikt som ikkje snakkar samfunnet etter munnen», med referanse til Theodor Adorno.

Polemikk og retorikk

Før Johannesen debuterte som forfattar, hadde han allereie debutert som retorisk og politisk polemikar. Han var militærnektar – ikkje fordi han var pasifist, men fordi han var NATO-motstandar – og mellom 1951 og 1953 sat han i fengsel både i Molde og i Oslo, og i tillegg var han dømd til pliktarbeid. Som 23 år gamal student stod han bak eit opprop mot tildelinga av Nobels fredspris til Albert Schweitzer. Sidan var han heile livet kjend som ein munnrapp provokatør og kombinerte forfattar- og akademikarrolla med rollene som intellektuell, kulturkritikar og samfunnsrefsar. I desse rollene utøvde han ein knallhard, men ofte også rettvis retorisk råskap.

Mot slutten av 1960-åra konsentrerte han seg meir om den akademiske skrivinga enn den skjønnlitterære, og som lærar og etter kvart lektor, førsteamanuensis og professor ved Universitetet i Bergen var han med på å byggje opp retorikken som fag i Noreg. Forfattarskapen hans inneheld ei rekkje fagbøker, og som essayist og essayteoretikar har Johannesen vidareutvikla arven frå Ludvig Holberg og Aasmund Olavsson Vinje.

Tenkjemåtar og talemåtar, lesemåtar og skrivemåtar

Johannesen viste stort medvit om særpreget ved ulike sjangrar og litterære former, og særleg i kryssingspunkta mellom dei fann han baner å sleppe tanken laus i. Han utvikla eit «totalisert» litteraturomgrep, som ikkje retta seg etter tradisjonelle skilje mellom skjønn- og saklitteratur, men heller opna for å tenkje nytt om tilhøvet mellom litteratur og samfunn.

For Johannesen var sakprosaen den viktigaste litteraturforma i vårt samfunn, fordi det er den vi trur mest på. Vidare var essayet den beste sakprosasjangeren fordi det er mest ærleg og tør innrømme at det er kunstferdig. Slike paradoks kjenneteiknar tenkinga til Johannesen, og i det meste han skreiv, finn vi eit sjølvgranskande blikk og ei sjølvmedviten røyst. Nettopp denne sjølvrefleksjonen var grunnen til at han særleg verdsette essayet, som ein utprøvande og tvilande sjanger. Johannesen hevda at vi alle snakkar i sitat, og at berre den som er klar over dette, kan seie noko originalt.

Det sjølvmedvitne i Johannesens skrivemåte er ein refleksjon av og om lesemåten hans: Tekstane hans ber vitne om den intellektuelle arven hans – heile arkivet av tekstar som han henta idear frå. Ofte gjer Johannesen dette på ein måte som endrar dei nedarva ideane. Dei mange sitata og ordtaka i bøkene hans er plasserte i nye samanhengar og får såleis nye meiningsinnhald. Ein måte å seie det på, er at han ervervar og tileignar seg den intellektuelle tradisjonen, heller enn berre å arve han.

«Norsk og filosofi er det samme – dersom norsk er vårt morsmål», uttrykte Johannesen. Måten vi tenkjer og taler på, heng saman med måten vi les og skriv på. Det var i dette spennet Johannesen utøvde retorikken og kulturkritikken sin – i Om den norske tenkemåten og Om den norske skrivemåten og i andre sakprosabøker. Professor i lesevitskap Bjørn Kvalsvik Nicolaysen har skrive at Johannesen var meir ein vitskapar enn ein vitskapsmann – i tydinga «tradisjonell normalvitskapleg metodikar» – men at han absolutt var oppteken av krava i den argumentative logikken. Johannesen stilte høge krav til argumenta, men tillét seg å gjere tankesprang og tenkje i paradoks. Slik utvida han det norske tanke- og skriverommet.

Kjelder

Dag og Tid si forfattaravis om Georg Johannesen, 8.4.2006

Arild Linneberg: «Kunstprosaens sak som sakprosaens kunst: om Georg Johannesen», Prosa nr. 1/2006. Henta frå prosa.no: http://2001-10.prosa.no/artikkel.asp?ID=25

Arne Borge Kristoffersen: «Georg Johannesens Ars moriendi. En lesning i opposisjon til poetens lesetips», masteroppgåve ved Universitetet i Oslo, 2013. Henta frå uio.no: https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/37071/KristoffersenxxArnexBorgexxMasteroppgave2013.pdf?sequence=1&isAllowed=y [lesedato 22.7.2015]

Toril Brekke: «Georg Johannesen», Norsk biografisk leksikon, henta frå snl.no: https://nbl.snl.no/Georg_Johannesen [lesedato 20.7.2015]

Peikarar

«Kulturoperatørene», program om Georg Johannesen på NRK nett-tv

Espen Grønlie: «–Jeg oversetter for å lære meg norsk», det siste intervjuet med Georg Johannesen, frå Vagant nr. 3/2005

Kjartan Fløgstad: «Her er Norges viktigste sakprosabok», om Den norske tenkemåten, Dagbladet 2.8.2008

Først publisert: 28.01.2016
Sist oppdatert: 14.02.2017