Hopp til innhold
X
Innhald

Gisle Christian Johnson

Gisle Christian Johnson, 1822–94, var teolog, vekkingsforkynnar og professor frå 1860. Han var påverka både av pietismen og av luthersk ortodoksi. I dogmatikken tok han utgangspunkt i medvitet til den truande, men var ortodoks i utviklinga av trusinnhaldet. Johnson grunnla Luthersk Kirketidende i 1863, stifta Christiania Indremissionsforening i 1855 og Den norske Lutherstiftelse i 1867. Johnson stod bak oppropet "Til Christendommens Venner" i 1883.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012