Hopp til innhold
X
Innhald

Guðni Jóhannesson

Guðni Thorlacius Jóhannesson, språkmektig historikar, professor ved Universitetet på Island og president på Island sidan 2016.

Guðni Jóhannesson er fødd 26. juni 1968 i Reykjavík på Island. Han var ferdig med Menntaskólinn (vidaregåande skule) i 1987 og tok ein bachelorgrad i historie og statsvitskap ved University of Warwick i Storbritannia i 1991. Han studerte tysk ved Universitetet i Bonn i 1991–92 og russisk ved Háskóli Íslands (Universitetet på Island) i 1993–94. I 1997 blei han master i historie ved det same universitetet, og i 1998–99 var han ved Universitetet i Oxford. Han gjorde ferdig doktorgraden i historie ved Queen Mary University i London i 1999–2003, med ei oppgåve om den såkalla torskekrigen i 1958–64.

I åra mellom 1988 og 1998 arbeidde han som reporter for RÚV, det statlege kringkastingsselskapet på Island, samtidig som han var student, og han var dessutan korrespondent for islandsk radio i 2000–01. Jóhannesson var deretter tilsett ved ulike utdanningsinstitusjonar, mellom anna Universitetet på Island, Høgskulen i Bifröst og Universitetet i London i 1996–2010. Han arbeidde som forskar ved Universitetet på Island i 2010–12 og som universitetslektor og seinare professor ved universitetet i 2013–2016.

Jóhannesson hadde altså ikkje tidlegare politisk erfaring då han i 2016 og med 39,1 prosent av røystene blei vald til Islands 6. president, etter Ólafur Ragnar Grímsson, som gjekk av etter 20 år. Jóhannesson er partipolitisk uavhengig.

Etter at Island blei råka av finanskrisa i 2008, kom det år med politiske skandalar og uro, der islandske politikarar mellom anna har hatt hemmelege selskap og kontoar i utlandet. Målet til Jóhannesson ved å stille til val var at han ville gjenreise tilliten til systemet. På Island er det statsministeren som er den øvste politiske leiaren. Presidenten er statsoverhovudet, og alle lover må bli signerte av han, men elles har han berre ei seremoniell rolle.

Jóhannesson er svært språkmektig, og han har omsett fleire av bøkene til Stephen King til islandsk. Han har dessutan sjølv skrive mange bøker og publikasjonar, mellom anna The Collapse. Iceland on the Edge of Bankruptcy and Chaos (2009), Gunnar Thoroddsen. Ævisaga (2010) og The History of Iceland (2013). Han var president i historieforeininga på Island frå 2011, og han fekk både storkorset av St. Olav Orden og den danske Elefantordenen i 2017 og den finske Serafimerordenen i 2018.

 

Kjelder

NTB/NRK: «Gudni Johannesson erklærer seier på Island», nrk.no, publisert 26.6.2016: https://www.nrk.no/urix/gudni-johannesson-erklaerer-seier-pa-island-1.13015376 [lesedato 2.11.2019]

Guðni Jóhannesson, CV, gudnith.is: http://gudnith.is/efni/ferilskr%C3%A1_cv [lesedato 2.11.2019]

Forseti: «Guðni Th. Jóhannesson», forseti.is: https://www.forseti.is/en/the-president/gudni-th-johannesson/ [lesedato 2.11.2019]

 

Peikarar

Tove Gravdal: «Fotballpresidenten», morgenbladet.no

Dagbladet: «Guðni Jóhannesson blir president», dagbladet.no

Først publisert: 03.09.2020
Sist oppdatert: 03.09.2020