Hopp til innhold
Gunnar Jahn, 1930. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0
Gunnar Jahn, 1930. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0
X
Innhald

Gunnar Jahn

Gunnar Jahn var sosialøkonom, politikar for Venstre og medlem i Nobelkomiteen frå 1937 til 1966 .

Gunnar Jahn, 1883–1971, var sosialøkonom og politikar for Venstre. Han var gift med Martha Jahn. Gunnar Jahn var direktør i Statistisk sentralbyrå i åra 1920–45 og sjefdirektør i Noregs Bank i 1946–54. Vidare var han finansminister i 1934–35 og 1945, medlem av Administrasjonsrådet i 1940 og av sentralleiinga i Heimefronten. Jahn sat også i Stortingets Nobelkomité frå 1937 til 1966 – som formann frå 1942.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2016
Sist oppdatert: 15.02.2016