Hopp til innhold
X
Innhald

Inga Juuso

Inga Juuso, joikar, skodespelar og tidlegare journalist i NRK Sameradioen. Juuso var den einaste fast tilsette fylkesjoikaren i verda.

Inga Juuso var fødd i 1945 i Kautokeino og døydde 23. august 2014. Ho voks opp med joiketradisjonen frå Alta/Kautokeino-området som eit naturleg innslag i heimen, og ho bar denne tradisjonen vidare i ei moderne innpakning. Ho samarbeidde med musikarar frå ulike kulturar og kombinerte nyare joik med jazz, flamenco, folkemusikk, samtidsmusikk og såkalla «world music». Som landsdelsmusikar i Troms frå 1999 til ho døydde var ho den einaste fast tilsette fylkesjoikaren i verda, ein jobb som innebar konstant reising. I tillegg var Juuso ein ettertrakta artist og reiste verda rundt med joiken, særleg i det grensesprengjande musikalske samarbeidet Skáidi, saman med Steinar Raknes.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Duoen Skáidi med Inga Juuso og Steinar Raknes på Dei nynorske festspela 2010. Foto: Ivar Aasen-tunet
Duoen Skáidi med Inga Juuso og Steinar Raknes på Dei nynorske festspela 2010. Foto: Ivar Aasen-tunet
 
Som skodespelar arbeidde ho hovudsakleg for og med Beaivváš Sámi Našunála Teáhter og var mellom anna med i Vekselsang, Mitt hjem er i mitt hjerte, Májjá gávppaša og Dušše Ánná. Juuso var òg med i Kautokeino-opprøret (film regissert av Nils Gaup).
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Inga Juuso med gruppa Bárut.
Juuso fekk spelemannsprisen i open klasse i 2011 for CD-en Bálggis, med Bárut (Asbjørn Berson og Martin Smidt, Ánte Mikkel Gaup og fleire), Nordlys-prisen i 2012, Folkelarmprisen i open klasse i 2012 med duoen Juusk (med Harald Skullerud), og ho vart Årets folkemusikar i 2012.
Diskografi
Rávddas Rávddi (1991)
Čalbmeliiba – Frozen Moments – Momentos inolvidables (med Johan Sara jr., Rogelino De Badajoz Duran, Erik Sten og Jai Shankar Sahajpal, 1999)
Váimmu Ivnnit – Patterns of the heart (Inga Juuso Group, 2008)
Where The Rivers Meet (med Skáidi, 2008)
Juusk (med Juusk, 2011)
Bálggis (med Bárut, 2011)
Headland – Skáidegeahci (med Skáidi, 2011)

Først publisert: 15.08.2014
Sist oppdatert: 29.08.2014