Hopp til innhold
Ingebjørg Jore. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv.
Ingebjørg Jore. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv.
X
Innhald

Ingebjørg Jore

Ingebjørg Jore, publisist, ei av dei aller første kvinnene i nynorsk avisutgiving.

Jore var fødd i Rauland i 1863 og døydde i USA i 1957. Ho kom frå ein heim med Holbergs epistlar i bokhylla, og då Ivar Mortensson-Egnund jamleg var i Rauland, kom ho inn i redaksjonen i Fedraheimen. Ho skreiv fleire lesarbrev og dikt i bladet 1883–85, signerte «Ingebjørg» eller «-bjørg». I 1883-årgangen skreiv ho forteljinga «Ragnhild Slettevoll». Jore var medarbeidar i Fedraheimen mellom 1885 og 1888, i periodar som redaksjonssekretær, mellom anna då Arne Garborg var i Paris hausten og vinteren 1885–86. I 1888 publiserte ho eit lite skodespel i Fedraheimen.

 
Jore sydde eit reint flagg til skyttarlagsfesten i Rauland 17. mai 1884 og tok i 1888 til orde for at Noreg burde bli republikk.
 
Ho emigrerte til USA i 1892, der ho fem år seinare gifta seg med Arthur Goodspeed og fekk tre born. Ho var på denne tida huslærar for borna sine og skreiv i Decorah-Posten.

Decorah-Posten, 25.5.1917. Kjelde: Norsk Utvandrermuseum. Med løyve for Allkunne.

Decorah-Posten, 25.5.1917. Kjelde: Norsk Utvandrermuseum. Med løyve for Allkunne.

Kjelder

Eli Bjørhusdal: Målkvinner før 1900. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 12. Volda 2001

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 11.12.2018