Hopp til innhold
X
Innhald

James Prescott Joule

James Prescott Joule , 1818–89, var britisk fysikar. Han formulerte i 1850-åra, samtidig med J. R. Mayer og H. Helmholtz, prinsippet om bevaringa av energien, og underbygde det ved målingar. Joule undersøkte også samanhengen mellom elektrisk energi og varme når det går straum i ein leiar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011