Hopp til innhold
X
Innhald

Jonas Jørstad

Jonas Jørstad, bokhandlar og kulturperson. Bokhandelen vart ein institusjon på skulestaden Bryne.

Jonas Jørstad var fødd 15. juni 1888 på Stjernarøy i Rogaland og døydde 2. februar 1972 på Bryne på Jæren. Han fullførte utdanning som underoffiser i Kristiansand i 1910, arbeidde fire år ved postkontoret i Stavanger og kom så til Bryne som postopnar i 1914.
I 1919 opna han den bokhandelen som skulle bli livsverket hans. Jonas Jørstad bokhandel vart ein institusjon på skulestaden Bryne, og vart verande i slekta i åtti år. Lenge var bok- og papirhandelen i Storgata også fotografisk forretning. Liksom andre lokale bokhandlarar på den tida, var Jørstad frå 1920-åra og framover også postkortfotograf og produsent. 
Jørstad var aktiv i lokalsamfunnet. Han var med og skipa Rogaland landsgymnas på Bryne i 1924, sat i styret dei to første åra og var ein av fleire som gav pengestøtte til gymnaset den første tida. Då det første jubileumsskriftet skulle redigerast i 1949, var han med i skriftstyret. Han var også med og stifta Jærbladet i 1949 og sat i styret for avisa. Den aller første tida vart avisa prenta på ei bokpresse hos Jørstad.
To av Jørstads store interesser var friluftsliv og målsak. Han var ein av dei første på Jæren som tok til fjells på ski. I 1923 var han med og skipa Time Mållag og sat i tolv år som den første leiaren av laget. I 1925 var han med og førebudde hauglegginga av Arne Garborg i Knudaheio, og gjorde det same ti år seinare for Hulda Garborg. Han var òg med i den restaureringsnemnda som kommunestyret oppnemnde i 1947 for Garborgheimen. I 1953 var han medredaktør av det lokale jubileumskriftet om Arne Garborg, Frå Garborg til Knudaheio.
Jørstad sat i styret for Time elektrisitetsverk 1921–24, var medlem av kommunestyret i Time 1920–25, 1935–37 og 1948–51 sat i Time skulestyre 1946–50.
Kjelder
Karl Attramadal mfl. (red.): Frå Garborg til Knudaheio. Om Garborgheimen og Knudaheio med opprit frå 100-års-høgtida. Time 1953
Jostein Fylling: Avisa på Jæren. Jærbladet 50 år. 1949–1999. Bryne 1999
Eivind Hognestad: Time herad 1837–1937. Opptrykk. Bryne 1983
M.J. [Magnus Jonsbråten]: «Jonas Jørstad til minne». Jærbladet 8.2.1972
Birger Lindanger og Jørg Eirik Waula: Time. Gard og ætt. Bd. 1. Time kommune 2004
Arthur Løvik: Historia om Time elektrisitetsverk 1918–1998. Time 1999
Cornelius Munkvik: «En institusjon forsvinner fra Storgata på Bryne». Stavanger Aftenblad 4.12.2010
Ola Nordsletten mfl. (red.): Rogaland off. landsgymnas 1924–49. Bryne 1949
Lisabet Risa: Fotografihistoria – sett frå Rogaland. Stavanger 2011
Minneord. Stavanger Aftenblad 7.2.1972
Torleiv Aarrestad mfl. (red.): Time herad. Fram til 1987. Time kommune 1987
Fotonettverk Rogaland: http://www.fotonettverk-rogaland.no/ [lesedato 7.6.2012]
Peikarar

Først publisert: 07.06.2012
Sist oppdatert: 07.09.2012