Hopp til innhold
X
Innhald

Josefine

Josefine, 1807–76, var svensk-norsk dronning, gift med Oscar I.  Ho var oldemora til Kong Haakon VII. 

Josefine, 1807–76, var svensk-norsk dronning. Ho var døypt Joséphine Maximilienne Eugénie Napoléonne og var dotter av den italienske visekongen Eugène de Beauharnais. Josefine gifta seg med Oscar I i 1823.

Dronninga fekk fem born og to av dei vart kongar, Karl IV og Oscar II. Dronning Josefine gjesta Noreg 10 gonger. Ho var oldemora til Kong Haakon VII.


Josefine dronning av sverige ig noreg. kunstnar chr Kahrs Kjelde Oslo Museum CC BY SA 4.jpg?w=600

Dronning av Sverige-Noreg, Josefine. Kunstnar: Chr. Kahrs. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2016
Sist oppdatert: 13.09.2017