Hopp til innhold
X
Innhald

Katrín Jakobsdóttir

Katrín Jakobsdóttir, politikar på Alltinget, leiar av partiet Vinstrihreyfingin – grænt framboð (Venstrerørsla – dei grøne) og statsminister på Island sidan 2017.

Katrín Jakobsdóttir er fødd 1. februar 1976 i Reykjavík på Island. Ho tok ein bachelorgrad i islandsk og fransk i 1996–99 og deretter mastergrad i islandsk litteratur ved Háskóli Íslands (Universitetet på Island) i 2004 med ei oppgåve om krimforfattaren Arnaldur Indriðason.

Jakobsdóttir har vore representant på Alltinget for partiet Venstrerørsla dei grøne sidan 2007. Alltinget er parlamentet på Island, tilsvarande Stortinget hos oss, og partiet er mest likt det norske Sosialistisk Venstreparti (SV). Ho var parlamentarisk leiar i 2007–09 og utdannings-, forskings- og kulturminister i 2009–13. Ho blei leiar av partiet i 2013, og etter valet i 2017 blei ho som ein av dei mest populære politikarane i landet den andre kvinnelege statsministeren i Islands historie.

Venstrerørsla, det nest største partiet i Alltinget, danna saman med Sjølvstendepartiet og Framstegspartiet ei brei koalisjonsregjering med Jakobsdóttir som statsminister, den sjette regjeringa på ti år. Island, med sine 340 000 innbyggjarar, blei hardt råka av finanskrisa i 2008. Det førte til rekordstor arbeidsløyse, men landet har hatt stor økonomisk vekst dei siste åra, mellom anna på grunn av ein stor auke i turismen.

Folk på Island ventar endringar i den politiske kulturen, og etter fleire politiske skandalar tidlegare vil Jakobsdóttir arbeide for å få tilbake tilliten til styresmaktene gjennom mellom anna å auke dei offentlege utgiftene.

Jakobsdóttir er feminist og miljøforkjempar, oppteken av likestilling og vil arbeide for å oppnå lik løn for likt arbeid. Ho vil utnytte ressursane til Island meir fornuftig og berekraftig og gjere landet karbonnøytralt innan 2040. Jakobsdóttir er kritisk til president Donald Trump i USA og er imot islandsk medlemsskap i EU og NATO.

Kjelder

NTB: «Dette er Islands nye statsminister», nrk.no, publisert 30.11.2017: https://www.nrk.no/urix/katrin-jakobsdottir-blir-islands-nye-statsminister-1.13802076 [lesedato 1.11.2019]

Guðrún Helga Sigurðardóttir: «Katrín Jakobsdóttir – partiledare i förändringens tid», arbeidslivinorden.org, publisert 6.3.2013: http://www.arbeidslivinorden.org/artikler/portrett/portrett-2013/article.2013-03-06.7992053451/ [lesedato 1.11.2019]

Althingi: Katrín Jakobsdóttir, althingi.is: https://www.althingi.is/altext/cv/en/?nfaerslunr=109 [lesedato 2.11.2019]

 

Peikarar

Espen Hågensen Rusdal: «Islands «grønne» statsminister avlyser møte med USAs visepresident Mike Pence hjemme på Island», dagsavisen.no

Traci Tong: «Meet the 'anti-Trump', Iceland's most trusted politician», eu.usatoday.com

Jacob Gronholt-Pedersen: «Iceland's Left-Green opposition leader to become new prime minister», reuters.com

Først publisert: 17.02.2020
Sist oppdatert: 17.02.2020