Faktaboks

Kurt Johannessen
Fødd
13. april 1960, Vaksdal, Vestlan
Kurt Johannessen (2016)
Kurt Johannessen framfører levande kunst der han drikk vatn saman med eit tre under Dei nynorske festspela i Ørsta i 2016.
Kurt Johannessen (2016)
Lisens: CC BY SA 3.0

Kurt Johannessen er ein framføringskunstnar (performancekunstnar), skulptør og bok- og biletkunstnar som uttrykkjer seg leikande og performativt på tvers av ulike kunstformer. Under opninga av dei 49. Festspillene i Bergen i 2001 dryssa han Lyrisk regn over publikum i form av 460 000 papirlappar med poetiske tekstar.

Kurt Johannessen er fødd i Dale i Vaksdal i Vestland. Han tok utdanninga si ved Vestlandets Kunstakademi i Bergen (1981–1985), Listaháskóli Íslands i Reykjavik (1984) og Slade School of Fine Art i London (1988–1989).

Johannessen utforskar grensene mellom grafikk, installasjon, framføringskunst, ord og bilete, og lèt ofte kunstartane utfylle kvarandre. I 1984 debuterte han som framføringskunstnar på Høstutstillingen i Oslo og har sidan markert seg som ein av dei fremste norske kunstnarar innanfor denne sjangeren.

Frå eit ekspressivt formspråk i 1980-åra vart uttrykket meir dempa og konsentrert i 1990-åra. Kunsten rommar ein slags stille intensitet, der det lett gripelege og enkle har komplekse undertonar som opnar for fleirfaldige tolkingar.

Sirkelen og kula har vore ein gjennomgangsfigur i det kunstnarlege arbeidet. Eit hovudverk er Det å teikne ein usynleg sirkel med hovudet like over ein isbre (1 minutt), som vart gjennomført på Vivakulen på Jostedalsbreen 13. september 1998.

Sidan 1984 har Johannessen publisert over sytti kunstnarbøker (Artist’s Books) på sitt eige forlag, Zeth. Han behandlar orda og tekstane som eit visuelt språk, og litterært står dei nær lyrikken som sjanger. Fleire av bøkene er ordlause og inneheld teikningar eller fotografi. Øvingar (1994) er eit sentralt verk.

Johannessen har fått fleire prisar, mellom anna frå London Artist's Book Fair (2004, 2006). I 2005 fekk han Statens garanterte minsteinntekt (GMI).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Audun Eckhoff (red.): Kurt Johannessen. Bergen 2007
  • Dag Sveen: Kurt Johannessen. Performance- og multikunstnar. Bergen 1996
  • Frode Sandvik: «Kartet og terrenget. Eit intervju med Kurt Johannessen». Numer 89, 3/2011

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg