Hopp til innhold
X
Innhald

Kurt Jooss

Kurt Jooss, 1901–79, var tysk dansar, koreograf og pedagog. Jooss skapte ei rekkje ballettar med eit sosialt/politisk engasjement, og han vart ein pioner i balletthistoria med denne forma.
Ballettruppen hans, Ballet Jooss, turnerte over heile verda og gjorde enorm suksess. Særleg kjende ballettar er mellom andre Det grøne bordet, Den fortapte sonen (Prokofjev) og Pulcinella (Stravinskij).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.05.2014