Faktaboks

Ludvig Jerdal
Fødd
2. april 1908, Kvinesdal
Død
4. november 2003, Bergen
Ludvig Jerdal
Ludvig Jerdal
Av .

Ludvig Jerdal var ein journalist og konservativ målmann. Han arbeidde i pressa i 40 år og var like lenge leiar for Vestmannalaget.

Jerdal gjekk Kvinesdal fylkeskule 1923–25 og tok elles ymse kurs. I over 40 år var han journalist. Han arbeidde i Gula Tidend i åra 1936–1940, men hadde alt frå 1933 vore redaktør for Unge Agder i Kristiansand. Frå 1945 til 1978 var han journalist i Dagen. Året 1955 redigerte han Norsk Tidend.

Jerdal var aktiv på mange hald og hadde mange verv. Han var ein stridfør konservativ målmann og var leiar i Norsk Bladmannalag 1955–1978, Vestlandske Mållag 1954–1956 og 1977–1992 og Vestmannalaget 1950–1956 og 1957–1991. I yngre år var han formann i Kvinesdal Mållag.

I Bondeungdomslaget i Bjørgvin var han leiar 1940–1942 og 1945–1952, i Bygdelagsnemndi i Bergen 1968–1970 og i Landslaget for Spelemenn 1952–1961. 1952–1956 sat han i bystyret i Bergen, og i 25 år i 17. maikomiteen. 1969–1989 var han rådsmedlem for Festspela i Bergen og 1955–1992 styremedlem i Norsk-Islandsk Samband.

Han var aktiv i motstanden mot den tyske okkupasjonen, sat tre og eit halvt år i tysk fangenskap og var tildelt Kong Haakon VIIs fridomsmedalje. I åra 1948–1951 var han formann i Tysklandsfangers forening i Bergen.

Jerdal gav ut fleire bøker. Han var med og redigerte jubileumsskrifta for Vestlandske Mållag, Vestmannalaget og Bygdelagsnemndi i Bergen. I 1946 gav han ut romanen Heimlandet dreg, og i 1983 kom boka Grundtvig og folkehøgskulen i dag.

Han var æresmedlem i mange lag: Vestmannalaget, Vestlandske Mållag, Bergens Presseforening, Landslaget for Spelemenn og Kunstnersamfundet i Bergen. I 1963 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull, og i 1974 vart han tildelt riddarkrossen av den islandske Falkeordenen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Conrad Clausen: Ludvig Jerdal. Festskrift til 80-årsdagen 2. april 1988. Bergen 1988
  • Hallvard Framnes mfl. (red.): Vestlandske Mållag 1904–1954. Bjørgvin 1954
  • Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
  • Arne Lyngvi: «En hedersmann forteller». Bergens Tidende 12.11.2003
  • Kjartan Rødland: «Den gode mannen frå det vonde huset». Bergens Tidende 2.4.1998
  • Kjartan Rødland: «Med slips og norskdom». Bergens Tidende 1.4.2003
  • Randi Skeie: «Minneord». Bergens Tidende 21.11.2003
  • Reidar Storaas: «Ludvig Jerdal til minne». Bergens Tidende 7.11.2003
  • Nils E. Øy (red.): Pressefolk 1997. Institutt for journalistikk 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg