Hopp til innhold

Ludvig Jerdal

Ludvig Jerdal, journalist og konservativ målmann. Han arbeidde i pressa i 40 år og var like lenge leiar for Vestmannalaget.

Ludvig Jerdal var fødd 2. april 1908 i Kvinesdal og døydde 4. november 2003 i Bergen. Han gjekk Kvinesdal fylkeskule 1923–25 og tok elles ymse kurs. I over 40 år var han journalist. Han arbeidde i Gula Tidend i åra 1936–40, men hadde alt frå 1933 vore redaktør for Unge Agder i Kristiansand. Frå 1945 til 1978 var han journalist i Dagen. Året 1955 redigerte han Norsk Tidend.
Jerdal var aktiv på mange hald og hadde mange verv. Han var ein stridfør konservativ målmann og var leiar i Norsk Bladmannalag 1955–78, Vestlandske Mållag 1954–56 og 1977–92 og Vestmannalaget 1950–56 og 1957–91. I yngre år var han formann i Kvinesdal Mållag.
I Bondeungdomslaget i Bjørgvin var han leiar 1940–42 og 1945–52, i Bygdelagsnemndi i Bergen 1968–70 og i Landslaget for Spelemenn 1952–61. 1952–56 sat han i bystyret i Bergen, og i 25 år i 17. maikomiteen. 1969–89 var han rådsmedlem for Festspela i Bergen og 1955–92 styremedlem i Norsk-Islansk Samband.
Han var aktiv i motstanden mot den tyske okkupasjonen, sat tre og eit halvt år i tysk fangeskap og var tildelt Kong Haakon VIIs fridomsmedalje. I åra 1948–51 var han formann i Tysklandsfangers forening i Bergen.
Jerdal gav ut fleire bøker. Han var med og redigerte jubileumsskrifta for Vestlandske Mållag, Vestmannalaget og Bygdelagsnemndi i Bergen. I 1946 gav han ut romanen Heimlandet dreg, og i 1983 kom boka Grundtvig og folkehøgskulen i dag.
Han var æresmedlem i mange lag: Vestmannalaget, Vestlandske Mållag, Bergens Presseforening, Landslaget for Spelemenn og Kunstnersamfundet i Bergen. I 1963 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull, og i 1974 vart han tildelt riddarkrossen av den islandske Falkeordenen.
Kjelder
Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
Conrad Clausen: Ludvig Jerdal. Festskrift til 80-årsdagen 2. april 1988. Bergen 1988
Hallvard Framnes mfl. (red.): Vestlandske Mållag 1904–1954. Bjørgvin 1954
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
Arne Lyngvi: «En hedersmann forteller». Bergens Tidende 12.11.2003
Kjartan Rødland: «Den gode mannen frå det vonde huset». Bergens Tidende 2.4.1998
Kjartan Rødland: «Med slips og norskdom». Bergens Tidende 1.4.2003
Randi Skeie: «Minneord». Bergens Tidende 21.11.2003
Reidar Storaas: «Ludvig Jerdal til minne». Bergens Tidende 7.11.2003
Nils E. Øy (red.): Pressefolk 1997. Institutt for journalistikk 1998

Først publisert: 04.06.2012
Sist oppdatert: 12.11.2014