Hopp til innhold
X
Innhald

Matthías Jochumsson

Matthías Jochumsson, 1835–1920, var islandsk prest og forfattar, ein nasjonaldiktar. Det romantiske skodespelet Utilegumennirnir (Dei fredlause) vart vist i 1862. Det er framleis populært i den reviderte versjonen Skugga-Sveinn. Ein av dei mange salmane, "Ó, Guð vors lands", vart nasjonalsongen til Island ved tusenårsfesten i 1874.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2012
Sist oppdatert: 09.08.2012