Hopp til innhold
X
Innhald

Niels Juel

Niels Juel, gardbrukar, folkehøgskulemann og stortingsrepresentant frå Halsnøy. Han skreiv det eldste kjende privatbrevet på landsmål.

Niels Juel var fødd 16. mai 1831 på Halsnøy i Fjelberg (no del av Kvinnherad) og døydde same staden 21. juli 1897. Han tok jordbruksutdanning ved akademiet i Hohenheim i Württemberg, ein av dei fremste jordbrukshøgskulane i Europa på den tida. I 1868 tok han over farsgarden.
Same året skipa han saman med Wollert Konow ein folkehøgskule på Halsnøy. Dei dreiv skulen i fire år i «Haugestova». Det var den tredje folkehøgskulen i Noreg, og den første på Vestlandet.
Niels Juel var medlem av heradsstyret i Fjelberg i mange år, var ordførar og hadde mange verv. 15. desember 1885, i Niels Juels ordførartid, gjorde heradet vedtak om å nytte landsmål «ved all Bok- og Brevføring i Heradstyrets Tenesta». Det var det første kommunevedtaket om landsmål som administrasjonsspråk.
Han var vararepresentant til Stortinget 1868–73 og stortingsrepresentant frå 1874 til 1888. Når han tala i Stortinget, brukte han heimemålet. Han høyrde til den radikale fløya av Venstre. I 1888 sette han fram det første forslaget i Stortinget om folketrygd.
Det var Niels Juel og Knut Liestøl med hjelp frå Arne Garborg som formulerte framlegget til Stortinget i 1885 om å jamstelle dei to målformene. Dette var det første stortingsdokumentet som var skrive på landsmål (Dokument nr. 17/1885).
Niels Juel skreiv elles det eldste kjende privatbrevet på landsmål, eit brev til Ivar Aasen datert 1. august 1856.
Kjelder
Reidar Djupedal: Ivar Aasen. Brev og dagbøker. Band II. Oslo 1958
Lars Eskeland: Bønder. Oslo 1925
Dag Gundersen: Fra Wergeland til Vogt-komiteen. Oslo 1967
Kjell Haugland: Målpolitiske dokument 1864–1885. Oslo 1971
Peder Hovdan: Eit norsk Noreg. Oslo 1947
Tallak Lindstøl: Stortinget og statsraadet 1814–1914. Kristiania 1914
Kristofer Sydnes: Sunnhordland folkehøgskule gjenom 25 år. Stord 1939
Aslak Torjusson: Den norske folkehøgskulen. Opphav og grunnlag. Oslo 1977
 

Først publisert: 06.11.2013
Sist oppdatert: 06.11.2013