Hopp til innhold
Ola Jonsmoen
Ola Jonsmoen
Foto: Dag og Tid. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Ola Jonsmoen

Ola Jonsmoen, forfattar, skulemann og lokalpolitikar. Han har skrive over 40 bøker og har vist eit breitt  engasjement i samfunns- og kulturliv.

Ola Jonsmoen er fødd i Alvdal 9. juli 1932. Han tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1952 og vart cand.philol frå Universitetet i Oslo i 1962 med hovudfag i nordisk. Same året vart han tilsett som lektor ved Tynset Gymnas (no Nord-Østerdal videregående skole) og var rektor i åra 1977–1995. Han har vore oppteken av skulen både som utdanningsinstitusjon og aktør elles i samfunnet. Garborgdagane på Tynset vart til som eit samarbeid mellom skulen hans i hans rektortid og andre krefter.
Jonsmoen debuterte som forfattar i 1959 med diktsamlinga Dagen, vinden og hjartet og har seinare gitt ut om lag 45 diktsamlingar, romanar, skodespel og barnebøker. Nokre bøker, særleg barnebøker, har han gitt ut saman med kona Unni-Lise Jonsmoen, som òg har illustrert fleire av bøkene. Han har også redigert fleire antologiar for skuleverket og har skrive mange stykke i Norsk Barneblad, bidrag til sakprosabøker og ei mengd artiklar i aviser og tidsskrift. I fleire tiår var han kåsør i NRK, mellom anna i programmet «Som dagane går», og han har vore ein etterspurd foredragshaldar.
Han har hatt mange verv. Han sat i kommunestyret i Alvdal for Venstre i åra 1963–1971 og 1995–2003 og var varordførar frå 1999 til 2003. I studietida var han med i styret både i Det Norske Studentersamfund og Studentmållaget i Oslo. 1973–75 var han leiar for Austmannalaget, 1975–76 styremedlem i Noregs Mållag. Han har vore medlem i mellom anna Norsk språkråd (1980–87), Norsk kulturråd (1981–84) og Statens bibliotekråd (1980–83). I Statens seniorråd var han nestleiar 2002–2005.  
Jonsmoen er tildelt Austmannaprisen (1975), Hedmark fylkes kulturpris saman med Unni-Lise Jonsmoen (1989), Vinjeprisen (1991) og Norges Mållags målpris (2003).
I 2002 vart han heidra med Kongens fortenstemedalje i gull.
Kjelder
Ola Jonsmoen, e-postar 13.3.2012 og 15.3.2012
«Ola Jonsmoen 70 9. juli». NTBtekst 19.6.2002
Ola Skogstad (red.): Austlandsmål. Oslo 1974
 
Alvdal kommune: «Kongens fortenestemedalje i gull. Ola Jonsmoen», publisert 9.12.2002, http://213.236.231.101/Default.asp?WCI=TxtMsg&WCE=1665&DGI=157&Head=1 [lesedato 17. 3.2012]
Peikarar

Først publisert: 21.05.2012
Sist oppdatert: 29.04.2013