Hopp til innhold
X
Innhald

Øyvind Jørgensen

Øyvind Jørgensen, fødd 1960, er dansar, koreograf og pedagog. Jørgensen har dansa i New York, ved osloteatera og i Zakraz Dansekompani, som han var med på å grunnleggje saman med Ingunn Bjørnsgaard.
 
 
Jørgensen har koreografert for NRK, Operaens Ballettskole, Kunsthøgskolen i Oslo, Ballethøgskolen og for Zakraz. Mellom verka hans finn ein til dømes Øyeblikk, Gjenkjennelsen og In Natura.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013