Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnhild Jølsen

Ragnhild Jølsen, 1875–1908, var forfattar. Ho skildra sosiale brytingar i eit bondesamfunn i endring og forfall og degenerasjon i ei "gamal" slekt.
 
Litterært var ho ein overgangsfigur mellom romantikk, naturalisme og realisme og ein pioner i norsk kvinnelitteratur. Hovudverka hennar er Brukshistorier frå 1907 og romanane Ve's mor, som var debuten i 1903, og Rikka Gan frå 1904. Ut kom òg novellene Efterladte arbeider i 1908 og Samlede verker i tre band i 1909 og to band i 1923. Jens Bjørneboes roman Drømmen og hjulet frå 1964 skildrar livet til Ragnhild Jølsen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013