Hopp til innhold
X
Innhald

Raymond Johansen

Raymond Johansen, røyrleggjar, politikar i Arbeidarpartiet, tidlegare statssekretær og partisekretær. Han er byrådsleiar for Arbeidarpartiet i Oslo etter kommune- og fylkestingsvalet i 2015.

Raymond Johansen er fødd 14. februar 1961 i Oslo. Han gjekk på Linderud videregående skole i 1977–80, tok ex.phil. ved Universitetet i Oslo i 1981 og røyrleggjarlinja på Sogn videregående skole i 1982–83. Han studerte også spansk ved Universidad Catolica i Equador i 1983 og studerte informasjonsstrategi ved BI i 1999–2000.

Han var røyrleggjarlærling i 1983–86 ved røyrleggjarbedrifta Eide & Hauge i Oslo og var tilsett der som røyrleggjar i 1988–90, men hadde permisjon då han arbeidde som røyrleggjar for Raudekrossen i Armenia i 1989. Johansen var byråd for transport og miljøvern i Oslo for Sosialistisk Venstreparti i 1991–95. Han var avdelingsdirektør i NORAD i 1996–2000 og statssekretær i Utanriksdepartementet 2000–01, då Thorbjørn Jagland var utanriksminister. I 2002–05 var han generalsekretær i Flyktningerådet (no Flyktninghjelpen), før han igjen blei statssekretær i Utanriksdepartementet i 2005–09, denne gongen for Jonas Gahr Støre. I perioden 2009–15 var han partisekretær i Arbeidarpartiet, og frå 2015 er han byrådsleiar i Oslo.

Johansen var medlem av sentralstyret i Sosialistisk Ungdom i 1981–88 og leiar i 1986–88. Han var medlem av sentralstyret til Sosialistisk Venstreparti i 1986–91 og leiar av i Oslo SV 1990–91. Han melde seg inn i Arbeidarpartiet i 1997, og for dette partiet har han altså vore statssekretær, partisekretær og no byrådsleiar i Oslo.

Johansen var EU-tilhengar i 1994, og han blei ikkje attvald til bystyret for SV i Oslo ved valet i 1995. Frå 2015 er han leiar for byrådet i Oslo, der Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne har fleirtal, og dessutan ein formell avtale med partiet Raudt. Johansen har arbeidd for å innføre eigedomsskatt i Oslo, og det er blitt ein del av byrådserklæringa. Nye sosiale tiltak i bydelar aust i Oslo er òg ein del av erklæringa, som fekk ein svært grøn profil, noko som gjer det politiske prosjektet hans omstridd for somme og spennande for andre.

Johansen var hovudtillitsvald i røyrleggjarbedrifta Eide & Hauge i 1983–86, styremedlem i Viken Energinett i 1996–2000 og styreleiar ved UWC (United World College) i Fjaler i 2003–05. I 1999–2001 var han styremedlem i Vålerenga, og i 2007–09 var han leiar av det sportslege utvalet i Vålerenga fotball.

Kjelder

Arbeiderpartiet.no om Raymond Johansen: http://arbeiderpartiet.no/file/download/5388/61106/file/Raymond [lesedato 8.11.2015]

Store norske leksikon, snl.no, om Raymond Johansen: https://snl.no/Raymond_Johansen [lesedato 2.11.2015]

Peikarar

«Slik blir det nye byrådet i Oslo», vg.no

«Her holder Raymond Johansen fram resultatet av Oslo-forhandlingene», dagbladet.no

«Vil ha Raymond bak rattet», dagsavisen.no

«Raymond Johansen trekker seg», nrk.no

Først publisert: 20.04.2016
Sist oppdatert: 22.04.2016