Hopp til innhold
Foto: Regjeringen/ Esben Johansen
Foto: Regjeringen/ Esben Johansen
X
Innhald

Sigbjørn Johnsen

Sigbjørn Johnsen, tidlegare finansminister i Brundtland-regjeringa frå 1990 til 1996 og i Stoltenberg-regjeringa frå 2009 til 2013. Ingen har vore finansminister her i landet så lenge som Johnsen. Johnsen er fylkesmann i Hedmark.

Sigbjørn Johnsen er fødd 1. oktober 1950 på Lillehammer, men voks opp på Stavsjø i det som i dag er Ringsaker kommune i Hedmark fylke. I alle sine år som politikar har Sigbjørn Johnsen halde fast på bakgrunnen sin frå Hedmark. Han har halde på dialekten sin og gjort han til eit varemerke. Det har vore med på å gjere han til ein folkekjær politikar. Johnsen var frå 1976 innvald på Stortinget i 20 år før han sa frå seg attval og vart fylkesmann i Hedmark.
Mange store utfordringar møtte han i den første perioden som finansminister, og den største var utan tvil bankkrisa i 1991, då dei største forretningsbankane var nær ved å gå konkurs, men vart berga gjennom etableringa av Statens Banksikringsfond og Statens Bankinvesteringsfond. Johnsen var òg sentral i å få på plass det store forliket om skattereforma i 1992. Som fylkesmann sat han som leiar for komiteen som greidde ut pensjonsreforma, og han spela ei sentral rolle for å få denne reforma gjennomført.
Johnsen er glad i lyrikk, særleg dikta til dei to Hedmarks-diktarane Hans Børli og Rolf Jacobsen, og han deklamerer gjerne når det høver seg slik. To bøker har han gitt ut: Saligheta heme i 2005 og Aille åra innafør i 2010.
Kjelder
Sigbjørn Johnsen, biografi, regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin/dep/finansminister-sigbjorn-johnsen.html?id=582364 [lesedato 18.4.2013]
«Sigbjørn Johnsen», biografi i Norsk biografisk leksikon: http://snl.no/.nbl_biografi/Sigbj%C3%B8rn_Johnsen/utdypning [lesedato 18.4.2013]

Først publisert: 19.04.2013
Sist oppdatert: 08.05.2017