Sigmund Jakobsen
Sigmund Jakobsen gav ut diktsamlinga Gjennom brend by i 1964 og fekk Tarjei Vesaas' debutantpris, men tagna som diktar.
Sigmund Jakobsen er fødd 7. august 1944 på Karmøy. Han gjekk realskule i Kopervik og tok examen artium på engelsklinja ved Rogaland offentlege landsgymnas på Bryne i 1963. Deretter var han to år lærar på realskulen i Ølen og tok i 1965–68 lærarutdanning ved lærarskulen i Stavanger.
Etter lærarskulen arbeidde han i Dagsnytt i NRK og var eitt år utanriksmedarbeidar i Stockholm. Frå 1975 til 1978 var han informasjonssjef ved Saga Petrokjemi i Bamble. Seinare slo han seg ned i Oppegård i Akershus og dreiv ymse forretningsverksemd.
I 1964, 20 år gamal, gav han ut diktsamlinga Gjennom brend by. Det var ei samling modernistiske, lett tilgjengelege dikt, skrivne på ein slags samnorskfarga nynorsk og stundom med språklege eller symbolske amerikanske referansar. Han var oppteken av amerikansk litteratur, fortel han i eit intervju, mellom anna av Hemingway og Steinbeck. «Nynorsk beatnik med samnorsk heilskjegg» var overskrifta i ei av meldingane av boka.
Samlinga fekk til dels god kritikk, og forfattaren vart som den første tildelt den nyleg innstifta Tarjei Vesaas' debutantpris. Vi har å gjere med ein komande stor lyrikar, skreiv ein sindig meldar, som elles hadde ymse innvendingar. Også andre var visse på å høyre meir frå forfattaren. Men Jakobsen tagna som lyrikar. Han publiserte berre nokre få dikt i tidsskrift og blad etter den unge debuten.
Kjelder
Otto Hageberg: «Mot ein enkel poesi? Refleksjonar etter ein lyrikkhaust», Syn og Segn nr. 1/1965
Nils Hellesnes: «Den nynorske lyrikken 1964», Bok og Bibliotek nr. 1/1965
Ragnar Hovland: «På vegen til det norske bibliotek (ved tre av dei)», Åleine i Alpane. Oslo 1999
Sigmund Jakobsen: «Dikt», Samtiden nr. 3/1967
Sigmund Jakobsen: Gjennom brend by. Oslo 1964
Skr. [Ragnvald Skrede]: «Nynorsk beatnik med samnorsk heilskjegg», Dagbladet 21.10.1964
Ragnvald Skrede: «Tankar om norsk lyrikk i dag», Samtiden nr. 2/1965
«Vi traff», intervju med Sigmund Jakobsen, Haugesunds Avis 12.9.1964
Martin Gjersvik: Spor dei sette. «Spor i ord» (Ein Karmøyantologi). Haugesund 1989. Digitalisert utgåve, nb.no: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2016091648042 [lesedato 11.6.2019]
Peikarar
Sigmund Jakobsen: Gjennom brend by. Oslo 1964. Digital utgåve, nb.no http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014102106124
Sist oppdatert: 07.08.2020