Hopp til innhold
Siv Jensen. Foto: Stortinget.no.
Siv Jensen. Foto: Stortinget.no.
X
Innhald

Siv Jensen

Siv Jensen, diplomøkonom, finansminister frå 2013 og leiar av Framstegspartiet.

Siv Jensen er fødd 1. juni 1969 i Oslo. Ho tok Oslo Handelsgymnasium i 1985–88 og blei diplomøkonom ved Norges Handelshøyskole i 1992. Ho var salskonsulent i Radio 1 i 1992–94 og gruppesekretær i bystyregruppa til Framstegspartiet i Oslo i 1994–97. Sidan 1997 har ho vore stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Oslo og frå 2013 er ho finansminister.

Jensen var medlem av styret for Oslo Framstegsparti i 1992–94, organisatorisk nestleiar i 1995–96 og bystyrerepresentant i Oslo i 1995–99. I 1998 blei ho vald inn i sentralstyret til partiet og var 1. nestleiar i 1999–2006. Som første kvinne blei ho leiar av partiet i 2006. I perioden 1993–97 var Jensen vararepresentant til Stortinget, før ho i 1997 fekk fast plass for Framstegspartiet frå Oslo. Ho har vore medlem av finanskomiteen, utanrikskomiteen og forsvarskomiteen. I 2001–05 var ho leiar av finanskomiteen, og i 2005–13 var ho parlamentarisk leiar for Framstegspartiet.

Jensen er tydeleg og offensiv i media, og ho har gjort mykje for at partiet skal vere meir stovereint. Ho tok over eit mannsdominert parti, har vore ein sterk leiar, utan utfordrarar, og har bygd bru mellom fløyene i partiet. Ho frontar partiet sine fanesaker, som mellom anna er samferdsel, eldrepolitikk og skepsis til innvandring, til handlingsregelen for oljefondet og til skattenivået. Ho vil òg liberalisere alkoholpolitikken og arbeider for å strengare fengselsstraffer. Jensen har hatt som mål å danne borgarleg regjering med Framstegspartiet i ein sentral posisjon etter stortingsvalet i 2013. Det lukkast Jensen med, og hausten 2013 danna Framstegspartiet regjering saman med Høgre.

Jensen har hatt fleire offentlege verv, mellom anna var ho medlem av Byutviklingskomiteen i Oslo i 1995–99 og Pensjonskommisjonen i 2001–02. Martine Aurdal gav i 2006 ut biografien Siv. Portrett av en formann

Kjelder

Siv Jensen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=SIVJ [lesedato 3.3.2013]

Siv Jensen, utdjupingsartikkel, snl.no: http://snl.no/.nbl_biografi/Siv_Jensen/utdypning [lesedato 3.3.2013]
NRK valg: «Valgresultat»: http://valg.nrk.no/valg2013/valgresultat [lesedato 10.9.2013]

Peikarar

«Siv Jensen på topp for FrP i Oslo foran stortingsvalget 2013»

Først publisert: 23.05.2013
Sist oppdatert: 23.01.2019