Faktaboks

Sondre Justad
Fødd
15. oktober 1990, Henningsvær i Lofoten, Nordland
Sondre Justad
Sondre Justad under ein konsert i 2015.

Sondre Justad er ein norsk popsongar og låtskrivar som syng på nordlandsdialekt. Han har etter albumdebuten i 2015 vorte ein stor konsertattraksjon og er òg kjent for å engasjere seg i miljø og politikk.

Bakgrunn

Sondre Justad vaks opp i Lofoten – først på Rystad i Borge og så i Henningsvær. Frå 2006 til 2009 gjekk han på musikklinja ved Bodø videregående skole. Justad gav ut musikk lokalt på eiga hand som 16-åring.

Musikkarrieren

Justad lagar popmusikk der melodilinjene til keyboardet og riffa til el-gitaren er viktige. Tekstuniverset tek tak i dei store kontrastane ein gjerne opplever når ein er i ungdomstida. Kjærleik, framtidsdraumar og meininga med livet er viktige tema i tekstane. Han bruker nordnorsk natur, klima og årstider som bilete for dei skiftande kjenslene hos mennesket. Midnattssola er gjerne ein metafor for kor intens ein sommar i eit ungt liv kan vere. Justad syng på dialekt, og han er kjend for energiske sceneframføringar.

Justad skreiv i 2014 kontrakt med Petroleum Records og debuterte med poplåta «Nu har du mæ» same år. Denne låta vart mykje spela på radio. Endå større suksessar vart «Det e over», «Tilbake» og spesielt «Riv i hjertet» i 2015. Den sistnemnde vart den mest spela norskspråklege songen i alle norske radiokanalar dette året. Med debutalbumet Riv i hjertet i 2016 vart Justad nominert til Spellemannprisen i tre kategoriar. Albumet greidde sjetteplass på VG-lista og låg på lista i heile 98 veker.

Justad fekk ytterlegare radiohits med «Tida vi bare va» i 2016 og «Ingenting» og «Paradis» i 2017. I 2018 kom andrealbumet Ingenting i paradis, der kjærleikslåtane «Ikke som de andre» og «Fanga i en drøm» var å høyre svært ofte i norsk radio. Ingenting i paradis greidde fjerdeplass på VG-lista og låg på lista i 27 veker i 2018. I 2019 var han nominert til Spellemannprisen i fire kategoriar. I 2021 var han tilbake på VG-lista med singlen Sorry, som ga han ein Spellemann-nominasjon i kategorien Årets musikkvideo. Albumet En anna mæ (2022) vart også nominert.

Diskografi

  • Nu har du mæ (Singel, 2014)
  • Det e over (Singel, 2015)
  • Tilbake (Singel, 2015)
  • Riv i hjertet (Singel, 2015)
  • Riv i hjertet (Album, 2015)
  • Tida vi bare va (Singel, 2016)
  • Ingenting (Singel, 2017)
  • Gjør det igjen (Singel, 2017)
  • Ikke som de andre (Singel, 2018)
  • Ingenting i paradis (Album, 2018)
  • Fontena på Youngstorget (Singel, 2019)
  • Sorry (feat. Musti) (Singel, 2021)
  • Chill litt (Singel, 2021)
  • En anna mæ (Album, 2022)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg