Hopp til innhold
Søren Jaabæk. Foto: Severin Worm-Petersen. Kjelde: Norsk Teknisk Museum CC BY SA 4.0
Søren Jaabæk. Foto: Severin Worm-Petersen. Kjelde: Norsk Teknisk Museum CC BY SA 4.0
X
Innhald

Søren Pedersen Jaabæk

Søren Pedersen Jaabæk, 1814–94, var bonde, lærar og politikar. Han la grunnlaget for det som skulle bli partiet Venstre.

Søren Pedersen Jaabæk, 1814–94, var bonde, lærar og politikar. Jaabæk var stortingsrepresentant frå 1845 til 1890. Han var ein radikal sparepolitikar og motsette seg dei fleste statsløyvingane. Etter dansk førebilete grunnla han i 1865 foreininga Bondevennerne. Det nære samarbeidet han hadde med Johan Sverdrup la grunnlaget for danninga av partiet Venstre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2016
Sist oppdatert: 15.02.2016