Hopp til innhold
X
Innhald

Svava Jakobsdóttir

Svava Jakobsdóttir, fødd 1930, er islandsk forfattar og politikar. Ho har kombinert samfunnskritikk og kvinnesak i novellesamlingane sine og brukar sterke, ofte surrealistiske verkemiddel.
Svava Jakobsdóttir har mellom anna skrive novellesamlingane 12 konur (1965) og Undir eldfjalli (1989). Romanen Leigjandinn (1969) kom i norsk omsetjing i 1976 med namnet LeigebuarenGunnlaðar saga (1987), som fekk tittelen Fortellingen om Gunnlod då han kom på norsk i 1990, vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 1989. Ho har òg skrive skodespel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2012
Sist oppdatert: 09.08.2012