Hopp til innhold
Foto:


Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Thorbjørn Jagland

Thorbjørn Jagland, politikar. Jagland var statsminister 1996–97 og leiar i Arbeidarpartiet i ti år. Han er generalsekretær i Europarådet og medlem i Den norske nobelkomiteen.

Thorbjørn Jagland vart fødd 5. november 1950 i Lier i Buskerud.

I 353 dagar varte den første regjeringa til Thorbjørn Jagland. Dermed sat han som statsminister 125 dagar lenger enn det Gro Harlem Brundtland gjorde første gongen ho skipa regjering i 1981. Då tapte ho eit val og måtte gå, men kom att fem år seinare og vart den heilt dominerande norske politikaren i si tid.

Thorbjørn Jagland kom aldri att som statsminister. Han fekk berre ein sjanse. Han tapte kampen om den fremste posisjonen som Arbeidarpartiets statsministerkandidat til Jens Stoltenberg.

Frå frisørstolen til statsministerstolen

Thorbjørn Jagland hadde visst ei god stund at han hausten 1996 skulle avløyse Gro Harlem Brundtland som statsminister, men han var ikkje klar over datoen. Onsdag 23. oktober 1996 hadde Gro Harlem Brundtland avtalt å møte Thorbjørn Jagland i Stortinget før spørretimen. Spørretimen startar klokka 10, og denne dagen var det den første såkalla «spontane spørretimen» i Stortingets historie.

Jagland var ikkje å finne i huset. Først tre minutt på klokka 10 kjem han inn. Han hadde vore hos frisøren. Då fekk han vite at han skulle bli statsminister. Nokre minutt seinare fekk heile Noreg vite det.

Sjå video frå NRK Skole: "Thorbjørn Jaglands regjering", sendt 25.10.1996:

Store forventningar

Sjølv om Thorbjørn Jagland på dette tidspunktet hadde lenger fartstid i toppen av norsk politikk enn dei fleste, er det alltid spennande når ein ny statsministergenerasjon tar over. Forventningane var store både i Arbeidarpartiet og ikkje minst hos han sjølv då han 25. oktober tok over regjeringsmakta.

Ein må nesten tilbake til Borten-regjeringa sine dagar for å finne maken til forventningar til ei ny regjering. Jagland fann då også fram til fleire overraskande og spennande namn som statsrådar. Han trekte inn «kjendisar» som forfattaren Anne Holt som justisminister og diplomaten Terje Rød Larsen som visestatsminister og planleggingsminister.

Han lanserte store vyar om at han no skulle omstille samfunnet for møtet med eit nytt årtusen, og dei trauste sosialdemokratiske verdiane skulle no få eit nytt innhald. Den store visjonen sin kalla han for «Det norske hus». Han visste at han no skulle «hoppe etter Wirkola». Han kunne ikkje bli, og hadde knapt noko ønskje heller om å bli samanlikna med forgjengaren.

Det norske hus

Politikken var fastlagd i partiprogrammet. Han måtte difor markere seg på andre måtar, omtrent som når SAS måla om att flya sine og kalla det ei fornying av flåten. «Det norsk hus» var eit slikt nytt «konsept». Kanskje ville ikkje «huset» ha blitt så verst om Jagland og byggmeister Rød Larsen hadde fått fred til å bygge, men det fekk dei ikkje. «Det norske hus» kom ikkje lenger en til teiknebrettet.

Ironisk nok var det gamle saker frå før hans tid som kom til å velte planane. Det starta med at visestatsminister og planleggingsminister Terje Rød Larsen måtte gå av nesten før han hadde fått eigen kontorpult i regjeringskvartalet. Ei gammal skattesak knytt til eit fiskeindustriprosjekt i Finnmark skapte eit enormt mediapress og gjorde at Rød Larsen måtte trekkje seg.

Den sentrale posisjonen som Jagland hadde tiltenkt Rød Larsen i regjeringa, gjorde at mykje av fornyingsprosjektet hans vart borte då Rød Larsen måtte gå. Mykje av Jaglands prestisje vart også øydelagt av gammalt grums frå tidlegare statsministrar i form av den såkalla Furre-saka.

Eit mareritt

Overvakingspolitiet si gransking av ein av medlemene i Lund-kommisjonen, Berge Furre, slo ned som ei bombe. Den tidlegare justisminister, no olje- og energiminister, Grethe Faremo, ein av dei sterkaste statsrådane i regjeringa, vart pressa til å gå. Terje Rød Larsen vart erstatta med riksbibliotekar Bendik Rugaas. Heller ikkje det vart nokon suksess.

Justisministeren Anne Holt måtte gå av som følgje av sjukdom. Også ho skulle vere ein frisk pust i Jaglands regjering. Det første halve året i den nye regjeringas liv vart noko bortimot eit mareritt av personutskiftingar og problemsaker. I staden for det store svevet som Jagland la opp til, vart det landing på kulen.

36,9

Deretter var det valkamp. I 1. mai-talen sin på Youngstorget i Oslo sa statsminister Thorbjørn Jagland at Ap-regjeringa kan kome til å gå av dersom dei borgarlege partia fekk auka oppslutning ved valet hausten 1997. Underforstått i denne utsegna ligg at Ap-regjeringa kunne kome til å gå om regjeringspartiet fekk mindre oppslutning enn sist, og snart var dette konkretisert til prosenten frå 1993-valet: 36,9 prosent. Det vart den magiske grensa Arbeidarpartiet måtte ha for at Jagland skulle regjere vidare.

I realiteten var det eit slags kabinettspørsmål overfor veljarane Jagland her stilte. Tanken bak var sjølvsagt å mobilisere flest mogeleg av Ap-veljarane. Det såg lenge ut til at partiet kunne kome til å falle under 30 prosent i oppslutning, og Jaglands krav om 36,9 prosent medverka kan hende til at partiet fekk eit betre val enn det elles kunne ha fått.

Det vart likevel ikkje nok. 35 prosent av stemmene var 1,9 prosentpoeng for lite. Det viste seg trass dette at mandatfordelinga i Stortinget etter valet truleg hadde gjort det lettare for Jagland å skaffe seg skiftande støtte frå andre parti enn det hadde vore før valet. I eit parlamentarisk system der det er vanskeleg å tenkje seg at det kan etablerast ein fleirtalskoalisjon, vil det vere fordelinga av mandata mellom dei ulike partia som avgjer spelerommet for ei mindretalsregjering, og ikkje åleine ei endring på eitt prosentpoeng eller to i stemmetalet ved eit val.

Sterk kritikk

Både partileiaren og landsstyret i Arbeidarpartiet uttrykte då også at valet hadde vore ein siger for partiet. Jagland møtte sterk kritikk for at han nærast stilte ultimatum overfor veljarane. Gro Harlem Brundtland skriv i den andre memoarboka si at ho er usamd med Jagland i det han gjorde, og politisk redaktør i VG, Olav Versto, kalla Jaglands ultimatum den mest oppsiktsvekkjande politiske handlinga sidan den romerske keisaren Caligula utnemnde hesten sin til senator.

Uansett hadde Jaglands avgjerd som konsekvens at han måtte gå av etter valet, og det utan at det vart stilt krav om det frå eit fleirtal i Stortinget. Jaglands avgang opna vegen for Kjell Magne Bondevik og ei sentrumsregjering som elles ikkje ville ha hatt nokon sjanse til å få støtte frå eit fleirtal i nasjonalforsamlinga.

Jagland argumenterte på same måten som Kåre Willoch gjorde i samband med at regjeringa hans vart felt i 1986: Eit skifte no ville kunne verke oppdragande på opposisjonen i den forstand at ein ville innsjå at utgiftene må stå i forhold til inntektene. Både Willoch og Jagland hadde rett i så måte. Skiftet fekk den konsekvensen.

Tidleg heiltidspolitikar

Thorbjørn Jagland er ein politikar som har all si yrkeserfaring frå partiarbeid. Han er fødd og oppvaksen i Drammen. Han studerte sosialøkonomi, men vart oppslukt som heiltidspolitikar i AUF før han rakk å fullføre embetseksamen. Frå 1977 til 1981 var han leiar i Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon, AUF. Derifrå gjekk han til ei stilling som utgreiingssekretær i partiet. Denne stillinga hadde han fram til han vart konstituert som partisekretær i 1986. Året etter vart han vald til partisekretær, ei stilling han hadde til november 1992, då han tok over som partileiar etter Gro Harlem Brundtland.

Eigentleg var nok den andre kandidaten til partileiarvervet, Jens Stoltenberg, favoritten til Gro Harlem Brundtland, men ikkje minst leiaren i LO, Yngve Hågensen, fekk kjempa fram eit fleirtal for Jagland.

Tilhøvet mellom Jagland og Hågensen har vore nært og godt, og Hågensen kallar Jagland for «gutten». I 1993 vart Jagland innvald på Stortinget. Hans gjennombrot inn i apparatet rundt Gro Harlem Brundtland kom då han var sekretær for nedrustningskomiteen i partiet. I denne komiteen vart det utforma eit kompromiss i den sterkt splittande saka om NATOs dobbeltvedtak, og Jaglands jobb vart lagt merkje til.

Han og Gro Harlem Brundtland arbeidde godt saman, og som sekretær i programkomiteen i partiet frå 1986 til 1989 vart han sentral i fornyinga av Arbeidarpartiets politikk. Då Gro Harlem Brundtland tok over som statsminister i 1986 vart han tilbydd både statsrådstilling og jobb som statssekretær ved statsministerens kontor, men han takka nei av familiære omsyn.

Dei lange perspektiva

På slutten av 1980-åra drog han i gang ei kampanje for eit friare og opnare samfunn, ein oppfølgjar av Willoch-regjeringa sin politikk frå tidlegare i 1980-åra. Han innførte også «rådslag», diskusjonsopplegg rundt om i partilaga i vanskelege saker. Jagland har også prøvd seg som forfattar. Mest oppsikt vakte boka «Brev», der han gir uttrykk for tankane sine i brev til ei gruppe kjende personar, m.a. prinsesse Märtha Louise, Haakon Lie og Jan Petersen.

Thorbjørn Jagland er også den første partileiaren i Arbeidarpartiet som har opna for at partiet kan tenkje seg å inngå regjeringssamarbeid med andre parti. Meir enn dei fleste norske politikarar har Jagland tanke for dei lange perspektiva i politikken. Han er oppteken av den langsiktige omstillinga av samfunnet for å møte eit nytt årtusen. Nokon stor talar er han ikkje og presisjonsnivået når han uttaler seg er ikkje alltid på topp. Hans største styrke har vore at han har stor tillit i leiarskiktet i Landsorganisasjonen, og han kjenner også partiet godt og har tillit i partiapparatet.

Thorbjørn Jagland vart utanriksminister i den første regjeringa til Jens Stoltenberg som kom i stand som følgje av at regjeringa Bondevik gjekk av etter å ha lidd nederlag i Stortinget i ei sak regjeringa stilte kabinettspørsmål på. Frå 17. mars 2000 og fram til 19. oktober 2001, då eit ikkje-sosialistisk fleirtal ved stortingsvalet tilsa regjeringsskifte, var han utanriksminister. Etterpå vart han leiar av Utanrikskomiteen i Stortinget fram til valet i 2005.

Stortingspresident

Sjølv hadde han sikkert ambisjonar om å skaffe seg eit betre ettermæle som statsminister enn det han sleit med etter den relativt korte perioden han hadde som regjeringssjef. Den ambisjonen måtte han sette ein strek over etter at han tapte maktkampen mot Jens Stoltenberg om å vere Arbeidarpartiet sin statsministerkandidat.

Som eit slags plaster på såret oppnådde han å bli vald til stortingspresident, den nest høgaste posisjonen her i landet etter kongen, i perioden frå 2005 til 2009.

I 2009 vart han Noregs kandidat til generalsekretærstillinga i Europarådet, og den posisjonen vart han vald til. Han sette i gang ein omfattande prosess med å reformere Europarådet, og å gjere rådet meir synleg i europeisk politikk. Europarådet har hovudkvarteret sitt i Strasbourg.

Samtidig med at han vart generalsekretær i Europarådet vart han også vald ti leiar for Den norske nobelkomiteen. Den første prisen som vart tildelt under Jaglands leiarskap gjekk til USAs president, Barack Obama. Ei tildeling mange reiste spørsmålsteikn ved, all den stund at Obama på det tidspunktet han mottok prisen, berre hadde fungert som president under eitt år. Jagland sat som leiar i Nobelkomiteen frå 2009–2015. Høgrepolitikaren Kaci Kullmann Five tok då over leiarvervet og Jagland heldt fram som medlem i komiteen.

Videokjelde: nrk.no http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/281868 [lesedato 12.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 14.03.2012
Sist oppdatert: 24.09.2015