Faktaboks

Tor Jonsson
Fødd
14. mai 1916, Lom, Oppland (no Innlandet)
Død
14. januar 1951, Oslo
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Husmann Johannes Johnsen (1869–1929) og Torø Thorsen (1878–1950).

Ugift.

Tor Jonsson
Foto antakelig fra 1948.
Av /NTB Scanpix.
Tor Jonsson

Tegning 1950. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Tor Jonsson
Av /NTB Scanpix ※.

Tor Jonsson var forfattar og journalist, skreiv både prosa og lyrikk. Lyrikken hans er eit møte mellom tradisjon og modernitet, der kontrastfylte kjensler og mørke innsikter er formidla i eit klart formspråk.

Bakgrunn

Tor Jonsson var fødd i Lom kommune i Oppland (no Innlandet). I Lom gjekk han folkeskule og framhaldsskule til 1932. Vidare gjekk han i gartnarlære på fleire gardar i regionen, før han i 1939 byrja på det eit og eit halv år lange gartnarkurset på Oppland småbruks- og hagebruksskuleLena. Jonsson prøvde seg som gartnar og gardsarbeidar, men gav seg raskt for å satse på journalistikken og diktinga.

Fleire hendingar i barndomen sette spor i Jonsson for resten av livet. Mellom anna tapte faren ein bitter strid om å få kjøpe husmannsplassen Kroken, der Jonsson hadde vakse opp, og familien måtte flytte. Faren døydde då Jonsson var 13 år gamal, og den unge diktaren budde seinare saman med mora og ei av systrene i eit lite husvære i bygda.

I Lom blei Jonsson oppfatta som sjølvrådig og sær, både som gut og som vaksen. Han bar då òg på store kampar inne i seg. At familien miste barndomsheimen, gav Jonsson ei kjensle av å vere heimlaus og framand i eiga bygd. Han snakka ofte i vonde ordelag om «bygdedyret», men forlét likevel ikkje Lom for godt før siste leveåret. Den kreftsjuke mora hans var nok ein viktig grunn til at han ikkje flytta ut tidlegare.

Han budde for det meste i heimbygda til han var 34 år gamal. I det siste leveåret flytta han til Oslo. Han tok sitt eige liv i 1951.

Forfattarskapen

Først og fremst var Tor Jonsson diktar. Han skreiv med ei særsynt kraft og eit inderleg nærvær som slår ut i både brennande varme og isande kalde dikt. Både livet og dikta til Tor Jonsson er fulle av sterke kontrastar. I livet var han ofte prega av motstridande kjensler og meiningar, men kunne likevel uttrykkje seg sjølvsikkert og sterkt. I diktinga står han i spennet mellom tradisjon og modernitet. Det handlar ofte om liv og død, kjærleik og hat, bygd og by, draum og røyndom. Livslyst og dødslengt prega både dikt og liv.

Jonsson debuterte som lyrikar med Mogning i mørkret i 1943 og skreiv seinare tre diktsamlingar til. Han skreiv òg kortare prosa, og dessutan einaktaren Siste stikk. Den siste diktsamlinga, Ei dagbok for mitt hjarte (1951), leverte han manuskript til tett før han tok sitt eige liv. I 1956 kom Dikt i samling og i 1960 Prosa i samling. Nærast er du når du er borte (2021)er ei ny samling av alle dei tidlegare utgjevne diktsamlingane til Jonsson, og vart given ut med støtte frå Tor Jonsson-laget.

Lengten etter kjærleik og liv går att i heile forfattarskapen, men han er alltid akkompagnert av ein mørkare undertone, på same tid av dødslengt og dødsangst. Særleg den siste diktsamlinga, Ei dagbok for mitt hjarte (1951), viser kor svart det er i Jonsson si diktarverd. Samlinga vitnar om ein diktar som ikkje maktar å leve lukkeleg, ein diktar som lengtar etter lukka, men er fortvilt over si eiga maktesløyse i møte med henne. Samlinga inneheld mellom anna «Eit fattig ynskje», eit godt døme på det melankolske klarsynet som kjenneteiknar dikta til Jonsson: «Var eg ein Gud,/ ville eg skapa/ kjærleik og død,/ berre kjærleik og død.»

Forholdet til sambygdingen Olav Aukrusts lyrikk var spesielt. Samstundes som han var påverka av denne hovdingen i nynorsklyrikken, gjekk han nærmast til direkte åtak på Aukrust sin poetikk. Han har lite til overs for Aukrust si blanding av bygdeidyllisering, nasjonalisme og det mystisk-religiøse. Jonsson har eit mørkare og langt meir pessimistisk grunnsyn.

Jonsson si dikting kan delvis forståast som ei avmytologisering av Aukrust sitt bygdeunivers. Det lyriske eg-et til Jonsson vitnar om dette. Her er lite av vitalismen og den åndelege nasjonalkjensla som vi finn hos Aukrust. Diktar-eg-et til Jonsson er isolert, såra og vonbrote. Det er spalta, tvilande, skeptisk og slett ikkje fritt for sjølvforakt. Trass i at han sjølv tok avstand frå den modernistiske lyrikken, kan Jonsson reknast som ein av dei tidlege nynorskmodernistane.

Journalistikken

Jonsson byrja tidleg som skribent i avisa Gudbrandsdølen. I fleire år skreiv han for ulike aviser, samstundes som han arbeidde med diktinga. Han byrja som journalist i Dølabladet i 1945. I 1946 blei han bladstyrar i Hallingdølen, men gav seg allereie tidleg på nyåret 1947.

Delar av Jonssons verk som journalist finst i artikkelsamlingane Nesler (1950), Nesler II (1952) og i seinare bøker, til dømes i utval av Ingar Sletten Kolloen i Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller (2000). Journalisten Jonsson var ein skarp kritikar av sosiale og kulturelle tilhøve i bygdelivet og i samfunnet elles. Han var ikkje redd for å sparke frå seg, og han provoserte ofte med satiriske skrifter om bygdeidyllisering, krig og urett og hyklersk idealisme. Jonsson var pasifist heile livet.

Utmerkingar

For skodespelet Siste stikk vann Jonsson Kyrkje- og undervisingsdepartementet sin pris for amatørteater i 1950, og stykket blei gitt ut året etter. Etter at han var død, blei han æra med Melsomprisen (1952) og Kritikarprisen (1956). I april 2000 blei Tor Jonsson-laget skipa.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hageberg, Otto: Frå Camilla Collett til Dag Solstad, 1980 («Kjærleik og død – spenningsmønster i Tor Jonssons lyrikk»: 191-229)
  • Heiberg, Inger: Drøm mot virkelighet : en bok om Tor Jonsson, 1984
  • Kolloen, Ingar Sletten: Berre kjærleik og død : ein biografi om Tor Jonsson, 1999
  • Mæhle, Leif: Frå bygda til verda : studiar i nynorsk 1900-talsdikting, 1967 («Einsemda ved grensa: kontrastmønster i Tor Jonssons lyrikk»: 221-34)
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 6: Fra Brekke til Mehren, 1995
  • Sørbø, Jan Inge: «Tor Jonsson: Kvardagsord som opprørsfane», i Jan Inge Sørbø: Frå gamle fjell til magma. Linjer i nynorsk lyrikk. Oslo 2004
  • Ørjasæter, Tore: «Kring diktaren og mennesket Tor Jonsson», etterord i Tor Jonsson: Dikt i samling. Oslo 1987

Faktaboks

Tor Jonsson
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000001291665

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg