Hopp til innhold
X
Innhald

Tore Jensen

Tore Jensen, fødd 1935, er jazzmusikar, trompetist, flygelhornist og kornettist. Jensen er ein av dei fremste norske musikarane innanfor tradisjonell jazz, og han er påverka av Louis Armstrong. Jensen har spela i mellom anna Hot Saints, Stokstad/Jensen Tradband, Norske Rytmekonger og Christiania 12. I 1987 fekk han Buddy-statuetten.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.11.2013
Sist oppdatert: 13.11.2013