Hopp til innhold
X
Innhald

Wilhelm Ludvig Johannsen

Wilhelm Ludvig Johannsen, 1857–1927, var dansk botanikar og arveforskar. Johannsen var ein av dei leiande i dei første åra til genetikken, og han innførte dei nyttige omgrepa gen, genotype og fenotype. Vidare gav han ut mellom anna Elemente der exakten Erblichkeitslehre (1909), som var ei av dei lærebøkene som fekk størst påverknad i den første perioden av arveforskinga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013