Hopp til innhold
X
Innhald

Jacob Jacobsen Molland

Jacob Jacobsen Molland (1879-1935) frå Hafslo, busett på Røneid og i Oslo. Grosserar, skipsreiar og fossekjøpar.

Tok over landhandelen på Røneid etter faren Jacob Torsteinson Molland i 1904 og dreiv den til han flytta til Oslo i 1915. Der slo Molland seg opp som grosserar og skipsreiar.

I 1917 kjøpte han fallrettane i heile Jostedalselvi og Leirdøla saman med sambygdingen frå Hafslo, advokat Fredrik Fraas. Dei måtte få år seinare gje fallrettane frå seg pga. økonomiske vanskar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008