Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Flæte

Jakob Flæte (1915-1997) frå Arnafjorden, busett i Årdal. Lensmann og Arbeidarparti-politikar.

Jakob Flæte (1915-1997) frå Arnafjorden, busett i Årdal. Lensmann og Arbeidarparti-politikar.

Var politikonstabel i Leikanger under 2. verdskrig. Arrestert 16.08.1943, overført Bergen, overført Espeland 20.08.1943, sett fri 1.11.1943. Flæte flytta seinare til Årdal og var medlem av kommunestyret der i 20 år, derav åtte år som varaordførar og to år som ordførar.

Representerte Årdal på fylkestinget 1964-1975, og var gruppeleiar for Arbeidarpartiet 1979-1983. Medlem av fylkesutvalet i åtte år, fylkesvaraordførar i fire år. Medlem av styret i Fylkesbaatane i 24 år, mange av dei som formann.

Far til Oddvar Flæte.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008