Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob J. Myklebust

Jakob Jakobson Myklebust (1851–1922) frå Breim. Bonde og politikar. Hadde gått på Jakob Hjelmeset sin private folkehøgskule i heimbygda.

Medlem av kommunestyret frå 1875, og ordførar i Gloppen frå 1884 til kommunedelinga i 1886. Deretter ordførar i Breim i 27 år. Var vararepresentant til Stortinget i fleire bolkar, og fast representant for Venstre frå 1886 til 1891. Han var oppmann (formann) i fylkestinget i mange år, og hadde elles ei rad offentlege tillitsverv.

I heimbygda fekk han tilnamnet «Stortings-Jakob».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011