Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Kjøde

Fiskerianlegget til Kjøde på Vågsberget på 1920-talet.

Fiskerianlegget til Kjøde på Vågsberget på 1920-talet.

Skipsreiar Jakob A. Kjøde (1880-1946) frå Bergen, grunnla i 1928 eit stort fiskerianlegg på Vågsberget - sjå Handelsstaden Vågsberget.

Anlegget gjekk seinare over til skipsreiarfamilen Horn og Kjødes svigerson, skipsreiar Johan Horn i Bergen. På 1950-talet sysselsette fabrikkane 100 arbeidarar med sildesalting, fiskemjøl, hermetikkfabrikk m.m.

I storsildsesongen vart husa på det gamle handelssetet Vågsberget brukt som losjihus for arbeidarar. På 1960-1970-talet brukte Nordfjord laksestyre ei sjøbukt på området til oppbevaring av stamlaks.

Vågsberget vart på 1970-talet foreslått som oljeforsyningsbase, men Vågsøy kommune fekk ikkje napp i den harde tevlinga. Jakob Kjøde var son til Arne Kjøde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011